Den nye bybanelinjen mellom sentrum og Fyllingsdalen får navnet linje 2.

Når den nye Bybanen etter planen åpnes 21. november i år, får den følgende holdeplasser: Fyllingsdalen terminal, Kristianborg, Mindemyren, Kronstad, Haukeland sykehushus, Fløen, Bystasjonen, Nonneseter og Kaigaten.

Reisetiden fra Fyllingsdalen til Kaigaten blir 15 minutter, ifølge Skyss. I rushtiden skal det være avgang hvert 7. - 8. minutt.

Ettersom Bybanen blir en ny hovedlinje i kollektivtilbudet, skjer det endringer på busslinjene også.

Langs traseen fra Fyllingsdalen skal holdeplassene være knutepunkter mellom Bybanen og bussene. Formålet med omleggingen er at kapasiteten skal oppleves som god og effektiv, opplyser Skyss.

Hovedlinjene 5, 6, 12 og 16E beholdes uforandret, og Haukeland sykehus blir et sentralt knutepunkt.

Skyss melder om følgende endringer:

  • Linje 14: Fyllingsdalen terminal–Bønes–Bergen busstasjon. Denne linja er i dag eit rushtidstilbod mellom Bønes og sentrum, via Fjøsanger. Ho vert no forlenga til og frå Fyllingsdalen terminal og får fleire avgangar heile dagen. I rushtida vil det vera avgang kvart 10. minutt, elles om lag kvart 30. minutt på kvardagar. Linje 14 erstattar dagens linje 25 på strekninga mellom Fyllingsdalen og Bønes / Kråkenes. Ein kan byte mellom buss og bane på Kristianborg og på Fyllingsdalen terminal.
  • Linje 20: Storavatnet terminal–Haukeland sjukehus–Nesttun terminal. Nye linje 20 vil køyre same trasé som i dag til og frå Haukeland sjukehus. Linja blir i tillegg forlenga til Nesttun terminal, via Nattlandsveien og Birkelundstoppen. Mellom Haukeland sjukehus og Nesttun terminal køyrer den same trasé som dagens linje 21. Bussen vil stoppe på alle haldeplassar og gjer det mogleg å reise direkte mellom Loddefjord, Laksevåg, Årstad og Nesttun. Frekvens vert kvart 15. minutt frå morgon til ettermiddag på kvardagar.
  • Linje 21: Lagunen–Nesttun–Haukeland sjukehus–Bergen busstasjon. Linje 21 blir erstatta av den nye linje 20. Tilbodet på strekninga mellom Haukeland sjukehus og Bergen busstasjon blir dekka av linje 2.
  • Linje 22: Lagunen terminal–Søreide–Fyllingsdalen terminal. Linje 22, som går i dag går mellom Fana, Ytrebygda og Fyllingsdalen får ein meir direkte trasé mellom Søreide, Vardeveien og Fyllingsdalen terminal. Linje 22 vil framleis gå kvart 15. min i rushtida, og ha avgang to gonger i timen på dag og kveldstid.
  • Linje 24: Olsvikskjenet–Bjørndalsskogen–Fyllingsdalen terminal. Linje 24 får ingen endringar i trasé, men den vil gå oftare enn den gjer i dag. I rushtidene vil bussen no gå kvart 15. minutt. Sentrale bytepunkt i traséen er Frieda Fasmer, Loddefjord terminal, Sandeide terminal og Fyllingsdalen terminal.
  • Linje 25: Fyllingsdalen terminal–Bønes–Wergeland–Haukeland sjukehus. Linje 25 blir lagt ned når bybanelinje 2 opnar. Ho vert ikkje direkte erstatta i den nye linjestrukturen, men linjene 2, 5, 14 og 20 vil ivareta eit godt tilbod.
  • Linje 28: Fyllingsdalen terminal–Smiberget–Haukeland sjukehus. Linja, som berre går i rushtida, blir lagt ned når bybanelinje 2 opnar. Ho blir ikkje direkte erstatta i den nye linjestrukturen. Med to høgfrekvente linjer mellom Fyllingsdalen og Haukeland sjukehus gjennom heile dagen får reisande eit betre og jevnare tilbod.
  • Linje 47: Sandeide terminal–Bergen busstasjon. Dei ti avgangane mellom Sandeide og sentrum i rushtidene på kvardagar blir erstatta med betre tilbod på linje 24 og fleire reisealternativ frå Fyllingsdalen mot sentrum.
  • Linje 52: Grimstad–Sandsli–Lagunen terminal: Linje 52 får ny trasé og vil køyre Sandslivegen og Flyplassvegen mellom Dolvik og Lagunen. Linje 22 vil framleis betene Steinsvikvegen, og det same vil Bybanen (frå Råstølen). Linje 52 overtek traséen til linje 54 og blir ein kombinasjon av dagens linje 52 og 54. Linje 52 vil betene både Fanatorget og bybanestoppet i Sandslivegen og vil sikra eit samanhengande busstilbod i Ytrebygda.
  • Linje 53: Milde–Hjellestad–Birkelandsskiftet–(Lagunen terminal): Linje 53 mellom Milde/Hjellestad og Birkelandsskiftet blir uendra, men turar som tidlegare gjekk heilt til sentrum vil no ende ved Lagunen terminal. Der kan reisande byte til buss eller bane. Avgangstidene vil vere ganske lik dagens tilbod.
  • Linje 54: Dolvik–Sandslivegen–Lagunen terminal. Linjenummer 54 forsvinn, men linje 52 tek over trafikken på strekninga. Dagens linje 52 får ny trasé, og vil køyre Sandslivegen og Flyplassvegen mellom Dolvik og Lagunen.
  • Linje 55: Bønes–Sandsli. Linje 55, som i dag utgjer totalt sju turar i rushtidene på kvardagar, blir lagt ned når det øvrige busstilbodet over Bønes blir styrka.
  • Linje 57: Birkelandsskiftet–Espehaugen–Flesland. Linje 57 vil køyre som i dag, men med fleire avgangar til og frå Espehaugen i rushtidene. Avgangstidene finn du i reiseplanleggaren.
  • Linje 60 Fanahammaren–Titlestad–Lagunen terminal: Linje 60 blir lik dagens linje 60 mellom Fanahammeren og Lagunen. Ingen avgangar vil gå til/frå sentrum ettersom linje 67 og 600 no blir hovudtilbodet langs «sjølinja» mellom Lagunen og Bergen busstasjon. I tillegg kan reisande frå Fana byte til linje 1 og 26, som også er alternativ i dag. Med dei nye hovudlinjene 67 og 600 mellom Lagunen terminal og sentrum vil det gå færre busslinjer på strekninga enn i dag. Men det vil bli fleire avgangar, også i helgene, og det vil bli jamnare tilbod gjennom døgnet.
  • Linje 67 Søråshøgda–Nordås–Lagunen terminal–Bergen busstasjon: Linje 67 vil gå same trasé som i dag. Rutetidene vil bli noko endra for betre tilpassing parallelle linjer på strekninga Lagunen–sentrum. Linje 67 blir no hovudtilbodet langs «sjølinjen» mellom Lagunen og Bergen busstasjon saman med den nye linje 600 frå Osøyro (sjå informasjon tidlegare publisert på skyss.no).
  • Linje 403: Straume/Kleppestø–Haukeland sjukehus: Linja går ut når bybanelinje 2 opnar til Haukeland sjukehus. Arbeidsrutene mellom Sotra og Askøy og Haukeland sjukehus blir erstatta gjennom hovudlinjene mellom Straume, Kleppestø og Bergen busstasjon, og bybane mellom sentrum og Haukeland.
  • Linje 604: Osøyro–Haukeland sjukehus. Linja går ut når bybanelinje 2 opnar til Haukeland sjukehus. Denne arbeidsruta til og frå haukelandsområdet blir erstatta av meir høgfrekvent buss- og bybanetilbod, men reisande må byte undervegs. Reisande med linje 600 kan byte til og frå linje 2 ved Kristianborg, medan reisande via Nesttun kan bruke linje 20. Høg frekvens vil gje gode moglegheiter for overgang.