Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Gunhild Stordalen skiltar med at ho vil bli bonde frå 2030. Det er flott! Fleire bønder trengst viss vi skal oppretthalde og helst auke matproduksjonen vår.
Ho treng likevel ikkje laga ein motsetnad mellom det å dyrke meir grønt, som ho sjølv vil, og det å drive med husdyrhald. Plantedyrking og husdyrhald heng saman: Når husdyra omgjer planter som vi menneske ikkje kan eta til næringsrik mat til oss, bidreg dei òg med gjødsel som fører til god vekst på planter som vi faktisk kan eta.

Derfor vil jeg bli bonde, Jenny Klinge!
Stordalen skriv i eit svar til meg som om eg oppfordrar folk til å eta meir kjøtt. Men eg har derimot peikt på at bodskapen frå Stordalen om å eta mindre kjøtt kan forvirre folk veldig. Eit endra kosthald på bakgrunn av feil råd, vil føre til at det norske kulturlandskapet veks att. Dette kulturlandskapet er grunnlaget for at vi kan oppretthalde eit livbergande husdyrhald - og heilt nødvendig matproduksjon – her til lands.
Nordmenn treng protein. Då må norsk kosthald innehalde kjøtt, fisk, egg og mjølk. Slik opprettheld vi landbruk i heile landet og ein sjølvforsyningsgrad som er til å leva med. Dette er særleg viktig i framtidige kriser og krigar der import blir vanskeleg eller umogleg.
Ylva Aamodt frå Spire Bergen viser i eit innlegg til at eg meiner nordmenn ikkje skal endre kosthald for klimaet sin del. Men eg er ikkje mot at vi endrar vanar dersom vi vel dei rette klimatiltaka. Dessverre overser både Aamodt og Stordalen at norske drøvtyggarar er avgjerande viktige for norsk matsikkerheit. Kua, sauen og geita altså.
Vi må hugse at berekraft også er å sikre mat til eiga befolkning. Det er feil når nordmenn, som bur i eit land der det er umogleg å produsere nok proteinhaldig menneskemat utan husdyra, får ein klimapeikefinger mot seg fordi vi et kjøtt.
Samtidig er eg heilt einig i at visse typar husdyrhald er eit stort problem både for klimaet og for dyrehelsa. Ser vi til utlandet, finn vi ekstremt store innhegningar med kjøttfe som lever omtrent berre på kraftfôr. Dette må vi problematisere og kjempe mot. Men norske bønder kan ikkje hengast ut for uheldige driftsformer andre stader i verda. Samtidig er det viktig at arbeidet med å redusere klimagassutslepp held fram i alle næringar, også landbruket.

Vi må flytte fokuset fra volumproduksjon til å ta vare på naturressursene
Vi har lite dyrkbart areal her til lands, berre tre prosent av det totale arealet. 2/3 av dette igjen er nesten utelukkande eigna til husdyrhald. Ein tredel av landbruksarealet er eigna til å dyrke særleg korn, men også enkelte grønsaker, frukt og bær. Det er viktig å auke sjølvforsyninga på dette.
Det beste kornet blir ete direkte av oss menneske, men store delar blir ikkje etterspurt som menneskemat. Då hjelper husdyra oss med å omgjera dette igjen til næringsrikt kjøtt, egg og mjølk. Stordalen og Aamodt kan truleg også sjå at det er bra at husdyra slik gjer det mogleg for kornbonden å få selt kornet.
I eit gras- og beiteland som Norge vil husdyra alltid vera svært viktige. Det er krevande å dyrke varmekjære vekster som avokado, banan og bønner her, men gras og eng er det rikeleg av. I Norge må vi sjølvsagt også tenkje sjølvforsyning og matsikkerheit - og produsere den maten som er mogleg i den naturen vi har.