Protest mot tvangsutsending av Nathan

Her er brevet

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Jubileumstilbud: Fem kroner for fem uker

Til

Statsminister Jens Stoltenberg

Justisminister Grethe Faremo

Barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken

Barneombud Reidar Hjermann

Leiarane for dei politiske parti

Dei parlamentariske leiarane på Stortinget

Bergen 9. februar 2012

Protest mot tvangsutsending av Nathan Eshete og foreldra hans

Gjennom både lokale media og riksmedia er vi gjort kjende med at Nathan Eshete på seks år og foreldra hans kan forventast å bli tvangsutsende til Etiopia når den nyleg framforhandla returavtalen vert iverksett 15. mars. Dette tek vi til motmæle mot.

Gjennom vesle Nathan sine mange støttespelarar veit vi at Nathan er fødd, døypt og oppvaksen i Noreg, i Ytre Arna i Bergen. Han har gått fire år i Ytre Arna barnehage og går no i fyrste klasse på Ytre Arna barne- og ungdomsskule. Nathan snakkar kav bergensk, som andre bergensborn på hans alder, han spelar fotball på Arna-Bjørnar og drøymer om ein dag å spela på Brann – nett slik som mange andre smågutar i Bergen.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Etter vårt skjøn har Nathan ei sterk tilknyting til riket gjennom å ha budd heile sitt liv i Ytre Arna. Det er Bergen som er heimbyen til Nathan. Foreldra hans er godt integrerte, mellom anna gjennom kyrkjelyden dei er ein del av. Dei var også i arbeid inntil dei miste arbeidsløyvet i januar i fjor. Bystyret i Bergen vedtok på sitt januarmøte samrøystes:

”Bystyret ber sentrale myndigheter vurdere ny behandling av søknadene til asylsøkere med avslag som har jobbet lovlig i mer enn to år. Det bør i disse vurderingene ses hen til barnas beste og tilknytning til Norge.”

Vi er kjende med at ei stortingsmelding om born på flukt er undervegs til Stortinget. Vi er også kjende med at meir enn 400 born har venta i meir enn tre år utan endeleg avklåring om opphald. Nathan har levd og budd i Bergen i heile sitt liv.

Vi registrerer også at doktor og pensjonert seniorforskar Siegfred Pausewang ved Christian Michelsens institutt heilt nyleg (7. februar) har uttala til Bergensavisen at det vil vera skandaløst å senda denne familien attende til Etiopia på grunn av bakgrunnen til Nathan sin far. Antropologiprofessor Kjetil Tronvoll, ekspert på forholda i Etiopia, påpeika til BA den negative demokratiske utviklinga som har vore i landet siste åra og at han meiner dei som har fått avslag, må få sakene sine vurderte på nytt. Dette registrerer vi. Vårt hovudfokus er likevel vesle Nathan, barnet.

Vi ser engasjementet i lokalmiljøet for Nathan, som altså har levd heile sitt liv i Bergen og som no er i sitt sjuande år. Det er berre unntaksvis at vi frå Bergen kommune si side engasjerer oss i asylpolitikken.

Når det gjeld Nathan Eshete, finn vi det som ansvarlege lokalpolitikarar rett å seia frå om at vi meiner Nathan høyrer til i Bergen og i Noreg. Vi ber ansvarlege styresmakter syta for at Nathan og foreldra hans kan halda fram med å bu i Bergen. Vesle Nathan høyrer heime her.

Venleg helsing

Monica Mæland, byrådsleiar

Trude H. Drevland, ordførar

Dag Skansen, nestgruppeleiar for Høgre

Harald Schjelderup, gruppeleiar for Ap

Tor A. Woldseth, gruppeleiar for FrP

Julie Andersland, gruppeleiar for Venstre

Marita Moltu, gruppeleiar for KrF

Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV

Torstein Dahle, gruppeleiar for Raudt

Sondre Båtstrand, gruppeleiar for MDG

Ove Sverre Bjørdal, gruppeleiar for Sp

Endre Tvinnereim, gruppeleiar for Byluftslisten

Artikkeltags