Denne helga takkar Audun Lysbakken for seg som SV-leiar.

Her i heimbyen er det berre ein måte å rekapitulera elleve år som partileiar på: Audun Lysbakken vart han som gong på gong måtte redda Bergen. Det er nesten uforståeleg at dei andre partia – og særleg Arbeidarpartiet – har late det skje.

Joda, Audun Lysbakken har vore flink, han. Veldig flink. Men triumfane til SV-leiaren har nesten utelukkande skjedd fordi skiftande regjeringar har nedprioritert Bergen.

Det var ikkje opplagt at det skulle gå sånn. Berre fem dagar før bergensaren formelt vart leiar i SV, gjekk han av som statsråd i skam, etter å ha gitt pengar til eit sjølvforsvarskurs for jenter, oppretta av ei undergruppe i ungdomsorganisasjonen til partiet. Ein partileiar i krise tok over eit parti i krise.

Paradoksalt nok. Lysbakken skulle gjennom meir enn ti år komma til å gje langt meir til «sine eigne».

Den klaraste raude linja har vore den seige kampen for Bergensbanen.

Allereie i 2012, same år som Lysbakken tok til som partileiar, vann han den største sigeren.

Gjennomslaget for å setta i gang med dobbeltsporet gjennom Ulriken bana veg for at det brått vart realisme i draumen om å modernisera Bergensbanen – og at norsk jernbanesatsing ikkje berre skulle vera eit fenomen for Oslo og bygdene rundt.

Året etter greidde Lysbakken å setta sluttstrek for farsen rundt Snøhetta sitt signalbygg for kunsthøgskulen. Sjølv om bygget slettes ikkje vart like spektakulært som planlagt, fekk dei kreative faga i byen ein etterlengta heim. Same år sørga han for at opprustinga av universitetsaulaen ved Bergen museum vart sett i gang, noko som seinare bana veg for revitaliseringa av dei naturhistoriske samlingane.

Det var likevel i det siste året som partileiar at Lysbakken serverte den lengste lista over politiske triumfar for heimbyen. Sjeldan har nemleg eit framlegg til statsbudsjett vore meir småleg sett frå vest.

I tillegg til å stoppa det idiotiske forslaget om å setja arbeidet med ny veg og bane mellom Bergen og Voss på pause, sikra SV-leiaren det same for Ringeriksbanen. I tillegg pusta han nytt liv i planane om samlokalisering av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet.

Den siste store snuoperasjonen hadde òg eit historisk sus over seg: Etter meir enn femti år med ørkenvandring for dei musikalske faga ved Universitetet i Bergen, ringde kunnskapsminister Ola Borten Moe (Sp) til rektoren og avlyste planane om nybygg. Ei ny gåvepakke til Lysbakken.

Alle som veit litt om politikk, veit at det som regel er for lettvint å gje ein person æra for ein politisk siger. Sjølvsagt har ikkje Lysbakken vore åleine i kampen. Han har ikkje fått fleirtal åleine.

Det spesielle er likevel at andre vestlandspolitikarar så til dei grader har greidd å gjera Lysbakken til bergensk redningsmann.

Det fortel om ein by som i for liten grad har stått opp for seg sjølv, men òg ei nærmast parodisk neglisjering av infrastruktur, kunnskap og kultur i den nest største byen i landet.

Metoden til Lysbakken har vore den same gjennom alle dei elleve åra som partileiar. Først har regjeringa gjort eit kutt som har skapt overskrifter i Bergen. Så har Lysbakken greidd å flytta relativt små summar i forhandlingar. Sjølv om summane har vore små, har det vore nok til at prosjekta har komme i gang. Konsekvensen har vore eit jamt tilsig av pengar til Bergen frå både Ap- og Høgre-styrte regjeringar. Bygginga av dobbeltsporet er ikkje ferdig. Både Jens, Erna og Jonas har måtta betala for gjennomslaget.

Eigentleg er partileiarar flest ganske varsame med den øvinga Lysbakken har drive med. Du kan nemleg fort truga posisjonen din i andre delar av partiet, dersom du gong på gong kjem med rause gåver til heimbyen. Erna Solberg – i eit større parti – hadde kanskje ikkje komme unna med det same.

Dette har aldri vorte noko problem for Lysbakken. Ganske enkelt fordi redningsaksjonane har vore fullstendig ukontroversielle og sjølvsagde. I tillegg har Bergen vorte ein stadig viktigare del av maktbasen til SV.

Så smålege har mange av kutta til dei ulike regjeringane vore, at ein ofte har mistenkt at det har vore snakk om eit høgt taktisk spel. Har dei tenkt at den sikraste måten å få SV på kroken, har vore å gje Lysbakken ein ny heimesiger?

Kostnaden har uansett vore at Arbeidarpartiet og Senterpartiet nasjonalt manglar tillit i Bergen. Og: Dei har gong på gong spreidd uro om viktige nasjonale prosjekt i byen. Høgre kjem heller ikkje særleg betre ut. Det har ikkje vore betre på deira vakt.

Mange spør no kva Bergen skal gjera utan Audun Lysbakken. Sjølv om spørsmålet er godt, vil eg heller snu på det: Kva tid skal nasjonen forstå at nasjonale satsingar i Bergen er viktige for nasjonen.