Tenk deg at du har ein by med ei godshamn som er den desidert største i landet og blant dei større i Europa.

Tenk deg at fleire av dei største sjømatprodusentane i verda har hovudkontor i denne byen.

Tenk deg at byen har ei rik rederihistorie, og at ingen byar har namnet sitt i hekken på fleire skip i den framleis så stolte handelsflåten.

Tenk deg at du rundt byen finn aktørar som er verdsleiande når det gjeld korleis skipsfarten skal kvitta seg med stempelet som miljøversting.

Tenk at byen – trass sjølvpåførte miljøbegrensingar – er den desidert største cruisehamna i landet, og blant viktige attraksjonane for cruiseturistar i Europa.

Tenk om denne byen, midt i sentrum faktisk, har eit verdsarvområde som manifesterer rolla som ein internasjonal hamneby gjennom snart tusen år.

Tenk deg at ein frå denne byen i godt over 120 år har styrt både internasjonal anerkjend havforsking og forvaltinga av fiskeria i kongeriket.

Tenk deg då, at over 40 relevante aktørar, innan næringsliv, forvalting, kunnskap og forsking har gått saman om at denne byen skal verta ein by som skal ta ei internasjonal rolle i å betra samarbeidet, berekrafta og attraktiviteten i havnæringane.

Det var det som skjedde då Bergen i 2021 bestemte seg for å verta Havbyen. Det var eit større steg enn ein skulle tru. I årevis hadde byen famla i blinde. Ikkje greidd å bestemma seg for korleis Bergen skulle profilerast. Kva som verkeleg skulle satsast på.

Enkle og billege distriktspolitiske poeng køddar til ein visjon som by og bygd i Vestland står samla om.

No stod dei samla. I spissen for næringslivet stod aktørar som Equinor og Lerøy. Ein fylkeskommune styrt av Senterpartiet og ein kommune styrt av Arbeidarpartiet. Universitet, handelshøgskule, høgskule, Bjerknessenteret og andre leiande forskingsinstitusjonar. Og mange andre. Ja, òg fleire statlege aktørar på feltet: Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og Norsk institutt for vassforsking.

Alle som kjenner denne sektoren i Bergen veit at potensialet er der – særleg om alle dreg i same retning.

Du er nok etter kvart ganske lei av setningar som startar med «Tenk deg», men eg må plaga deg med ein til. Det mest tankevekkande.

Tenk deg om det faktisk skulle vera den statlege distriktspolitikken, som skulle verta det største skjæret i sjøen for havbyen.

Akkurat no ser det nemleg slik ut. I august i fjor, i noko så formelt som ein kongeleg resolusjon, hamra nemleg kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) ned dei nye retningslinjene for korleis ein skal flytta statlege arbeidsplassar «ut av Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området».

Så langt burde alt vera fint. Det var berre det at regjeringa hadde endra på formuleringane. No heitte det ikkje lenger berre «ut av Oslo og sentrale kommunar i Oslo-området», men òg «ut av dei andre av dei største byane». Det betyr, at det «i hovudsak» heller ikkje skal komma nye statlege arbeidsplassar i Bergen, Trondheim og Stavanger.

Ikkje nok med det: Senterparti-statsråden har òg slått fast «at veksten i eksisterande verksemder, og som har ein regional struktur, i hovudsak skal skje utanfor dei største byane». For å igjen sitera det regjeringa sjølv skriv i dei nye retningslinjene.

Med andre ord: Om Fiskeridirektoratet eller Havforskningsinstituttet skal utvida med nye fagfolk som òg kan styrka havbyen, skal desse i hovudsak jobba andre plassar enn i Bergen.

Å spreia statlege arbeidsplassar tynt og vilkårleg utover kongeriket, vil berre tene Oslo. Ein by som aldri kjem til å verta havbyen.

Det er nettopp det som no er i ferd med å skje. Nyleg skreiv Bergens Tidende at Fiskeridirektoratet har tilsett to nye divisjonsleiarar som skal jobba frå Bodø og Tromsø. I tillegg skal det i nær framtid tilsettast fire nye avdelingsleiarar som òg skal ha kontor nord for polarsirkelen. Om ein kan seia at Fiskeridirektoratet framover eigentleg har noko hovudkontor i Bergen, er høgst diskutabelt.

Spetakkelet starta allereie då Erna Solberg, av alle, utnemnde finnmarking og høgremann Frank Bakke-Jensen som ny fiskeridirektør, sjølv om namnet hans merkeleg nok ikkje gjekk fram av søkarlista. Han fekk jobben og hadde slettes ikkje fått noko pålegg om å sitta på det som i 120 år hadde vore hovudkontoret til direktoratet.

Snikflyttinga av Fiskeridirektoratet var allereie i gang. Med velsigninga til regjeringa fekk Bakke-Jensen flytta med seg ei rekke leiarstillingar nordover.

Det er ikkje berre politikken rundt statlege tilsetjingar som gjer at ein kan lura på om regjeringa eigentleg er interessert i å vera med på laget.

Då Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i fjor haust la fram statsbudsjettet, la regjeringa opp til at sjølve motoren og utstillingsvindauget for havbyen skulle havarera allereie før sjøsetting. Ei samlokalisering av Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet og Akvariet i Bergen er akkurat det havbyen treng for å gje ekstra kraft til dei store visjonane. I større grad få verdsleiande kunnskap om havet ut til folk.

Heldigvis hadde Audun Lysbakken (SV) pondus nok til å få prosjektet på rett kjøl igjen, etter forhandlingar med regjeringspartia.

Likevel er det altfor tydeleg. Sterke krefter ønskjer å spela på enkle og billege distriktspolitiske poeng og køddar til ein visjon som by og bygd i Vestland står samla om, som kan auka kunnskapen om havet og gjera det heile meir synleg for næring, nordmenn og tilreisande.

Det er ikkje ei satsing som berre er meint på gøy. Det er ei satsing som skal gjera forvaltinga av hava meir berekraftig, gje oss fleire bein å stå på når oljealderen skal fasast ut, og gjera arbeidsmarknaden i Noregs nest største by meir konkurransedyktig. Om ingenting vert gjort, ser det ikkje særleg lyst ut for verken nasjonen eller byen.

Det er heller ikkje ei satsing som berre avhenger av regjeringa og staten. Men når ein på alle andre felt i næringsliv, innovasjon og forsking ser verdien av å samla kompetanse, folk og ressursar på den ideelle plassen, er det merkeleg at ikkje og staten ser verdien i dette.

Både Gjelsvik og Bakke-Jensen skårar kanskje nokon etterlengta politiske og geografiske poeng på det som er i ferd med å skje. Problemet at ein strategi med å spreia statlege arbeidsplassar tynt og vilkårleg utover kongeriket, berre vil føra til at ein arbeidsmarknad heldt fram med å verkeleg vera konkurransedyktig. Den i Oslo. Ein by som aldri kjem til å verta havbyen.

Til og med Senterpartiet i Vestland har forstått dette. Å realisera havbyen er ikkje noko bergensk sololøp, men ei satsing som skal gagna heile kysten av Vestland. Merkeleg nok står statsråden frå Naustdal i Sunnfjord for ei linje som vil svekka regionen sine sjansar.

Og me kan gjerne halda fram i same stilen som me starta med?

Tenk om regjeringa, saman med byane, kunne vera med på å definera kva område Bergen, Trondheim, Stavanger og Tromsø skulle verta verdsleiande på, og hatt eit mål og ei meining med kor ein plasserte dei statlege kompetansearbeidsplassane. Slik at dei store byane kunne vore kraftsenter i sine regionar.

Det hadde vore noko det.

Les også

Har Bergen kommune ambisjoner for Bergen havn?