Korleis klarar du å vere vegetarianar?

Grønnsaksdisk

Grønnsaksdisk Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Hei. Eg er ei fjorten år gamal jente frå Bergen, og eg er vegetarianar. Dette har eg vært i over to år no, og ei setning som eg har høyrt mange gonger i løpet av desse to åra er “Korleis i alle dagar greier du å vere vegetarianer? Eg hadde aldri greid å leve uten kjøtt.”Dette er ei setning som berre har gått meg meir og meir på nervane. Korleis eg klarar å leve utan kjøtt? Korleis klarar de og leve med så mange uskyldige liv på samviten, berre for å få egg & bacon på brødskiva om morgenen, eller pinnekjøtt til jul?

Det er fult lovleg i Noreg å fore grisane opp på sitt eiga fett og blod. Ei grisemor kan ete levningane til sin eigen unge. Ein kylling får aldri oppleve mors trygghet under vingen, og burhøns lev heile livet på arealet av et A4-ark.

Men ein ting som du som skal bli vegetarianar absolutt må se opp for, er legebransjen. Fleire vegetarianarar byttar kjøttet ut med tabelettar som skal dekke behova kjøttet ellers ville gitt deg, som jern og protein. Det mange ikkje veit er at denne bransjen kan være skumle saker. Forskarane som framstiller medisinen vår testar ofte dei nye midla sine på dyr. Den daglige jerntabeletten kan være eit resultat av fleire labratoriumsrotters liv, og du trudde du hadde slutta å være årsaken til så mykje elendigheit. Så da har du eit dilemma som uansett ender dårleg. Dyretesting på små, kvite rotter i labratorium som blir pakka inn i plast og kasta i søpla etter “bruk”, eller Dyreoppdrett og slakt, grisar som driv kannibalisme og høns som hakkar på kvarandre til døde grunna mangel på andre aktivitetar. Kva gjer du no?

Heldigvis kan du sno deg unna problemet.

Det finst mange både vegetariske og veganske erstatningar til kjøtt. For å nevne noko har vi blandt anna tofu, haloumi og falafel. Dette er produkt fremstilt av ulike naturlige ingrediensar. Ikkje alle kjøtterstatningane har dei samme næringsstoffa som kjøtt, og er heller meir laga for å se ut som eller smake som kjøtt. Men den beste vegetariske proteinen og jernet finn du faktisk i grønnsakene. Spinat, brokkoli og poteter er gode proteinkilder. Soltørkede tomatar, røde og kvite bønner og grønne og brune linser er produkt med høyt jerninnhold.

Og ein ting til. Jakt. Dette er ein bra måte å få i seg protein og jern på ein human måte. Dyra som blir skotne under jakt har ikkje måttet lide, og har levd heile livet ute i det fri. Dei slepp fraktinga til slakteriet, dei slepp alle åra bak lås og slå. Dette kjøttet er ofte veldig dyrt, men ein gong i blandt kan du vel unne deg det lille ekstra.

Så altså, av personleg erfaring veit eg at det er mange personar som unskylder seg med å ikkje bli vegetarianar fordi dei trur dei ikkje hadde klara det. Men om du berre klarar å få i deg nok produkt som inneheld dei samme næringsstoffa som kjøtt, for eksempel aubergine, bønner og linser eller falafel. Ikkje la deg lure av legebransjen!

Artikkeltags