Siren Jørgensen - Bergens ukjende stjerne

Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I over ti år, har Siren Jørgensen jobba på Bergens største teater. Ho har spelt store roller i store stykke som “Othello” og “Et dukkehjem”. Det siste skriven av Henrik Ibsen. I 2009 fekk ho prisen som årets namn i teaterbransjen. Ho var i forrige haust aktuell med si første hovudrolle på film i filmen Hevn. Ho skal snart vere med i stykket Underlandet som har premiere 16. april på DNS i Bergen. I haust skal ho spele sammen med Stian Blipp og Atle Pettersen i “Singing in the rain” i Oslo. Men ho er fortsatt ikkje så godt kjent for Bergens befolkning. Kven er egentlig Siren Jørgensen?


Når bestemte du deg for at det var skodespelar du ville bli? Og kvifor?

Eg bestemte meg nok ikkje før eg hadde gått ei stund på teaterlinja ved Romerike Folkehøgskole etter vidaregåande.Der møtte eg andre teaterinteresserte ungdommar som hadde samme draum som meg, og det var der eg første gong høyrte om ulike utdanningar ein kunne ta for å bli profesjonell skodespelar.På folkehøgskulen lærte me at teater er ei kollektiv kunstform der "kunstverket", altså teaterstykket, blir laga saman med andre. Dette, i tillegg til eit veldig behov for å underhalda andre, var nok det som gjorde at eg drøymte om å bli skodespelar.

Korleis er ein vanleg dag på jobben for en skodespelar?

Arbeidsdagen min varierer ganske mykje. I periodar jobbar eg berre på dagtid med å øva inn eit nytt skodespel på teateret.Når premieren er overstått jobbar eg nokon gonger berre på kveldstid.Det er òg vanleg å prøva på eit nytt stykke om dagen samtundes som ein speler i eit anna på kveldane.Innimellom dette må ein pugga tekst, og gjerne læra seg nye ferdigheiter som karakteren skal kunna. Det kan vera alt frå song, dans eller rulleskøyter, til tysk eller fekting. Dersom ein jobbar med film eller fjernsyn er det litt annleis.Då må pugging og alle ferdigheiter vera inne før ein møter til opptak. Dei ulike scenane blir gjerne spelt inn i ukronologisk rekkefølge, og ein får ikkje sjansen til å spela den samme scena fleire dagar på rad. På teateret, derimot, har ein sjansen til å gjera det betre kvar kveld dersom ein ikkje var nøgd med seg sjølv dagen før. Av og til får ein heilt andre oppdrag, f.eks. om å vera konferansier på eit arrangement, lesa lydbok eller vera stemma i ein reklame. Skodespelaryrket er på den måten ganske variert.

Kva er baksida ved det å vere skodespelar?

Det må nok vera at mesteparten av jobben må gjerast når andre har fri, på kveldar og i helgar. Men det hadde jo vore teit om me spelte teater når alle andre var på jobb. Då hadde det nok sjeldan blitt full sal!

Har du på noko tidspunkt ønska å gjere noko anna? Og i så fall, kva?

Det har hendt nokre gonger, men berre i periodar der eg synest det å vera skodepelar er for vanskeleg eller for krevande. Når eg føler at eg ikkje får til ei rolle, eller når eg er nervøs for å gå på scena kvar kveld, drøymer eg oftast om å ha ein vanleg 8 til 16-jobb. Gjengangeren er dyrepleiar på ein smådyrklinikk. Det har eg ofte fantasert om å vera.

Eg håper du no veit litt meir om Siren Jørgensen og har lyst til å sjå Underlandet når det har premiere. Sjølv synes eg i hvert fall det høyres veldig interessant ut.

Artikkeltags