Kommentar Dette er en kommentar, skrevet av en redaksjonell medarbeider. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdninger.
Spørsmålet om lakseskatten er ein balansegang mellom to omsyn. Faktisk to veldig viktige omsyn.
På den eine sida, ønskjer me bedrifter som veks, investerer og skaffar fleire arbeidsplassar.
På den andre sida, treng staten å auka skatteinntektene, i ei tid der kostnadane aukar, men oljepengebruken må ned. Dette er det altfor mange, elles ansvarlege stemmer, som no neglisjerer.
I fjor leita regjeringa etter kven som har det største uutnytta skattepotensialet. Strategien var klar: Korleis kan ein få inn meir skattepengar utan å gå på akkord med at det liksom skulle vera vanlege folk sin tur.
Ikkje uventa, var det havbruksnæringa regjeringa peikte på.
Ikkje uventa, reagerte havbruksnæringa.
Først: Dei som har gjort seg rike på oppdrett bør betala meir skatt enn dei har gjort.
Likevel: Regjeringa gjorde eit uvanleg slett arbeid. Forslaget dei la fram var prega av manglande forståing for både kysten, bransjen og den offentlege debatten.
No har regjeringa prøvd å retta opp i dei styggaste utslaga.
- Dei har gått vekk ifrå det elendige forslaget om at børsverdien av den finaste laksekvaliteten skulle legga grunnlaget for all skatten.
- Dei har forstått at kysten ikkje aksepterer dei mest sentraliserande effektane av skatten – og at meir av pengane skal vera att i lokalmiljøa.
- Skattesatsen er redusert frå 40 til 35 prosent.
- Dei skjermar i større grad dei minste bedriftene (noko som kan diskuterast. Er det rett å ha insentiv for at bedrifter ikkje skal veksa?).
Det som likevel er vanskeleg, er å vurdera om ein skattesats på 35 prosent, i staden for 40 prosent, er rett nivå eller ikkje.
Grunnen er at summen selskapsskatt, formuesskatt, eventuell eigedomsskatt og produksjonsavgift kjem i tillegg. At partane har vore i skyttargravene har ikkje hjelpt på å få gode svar på dette.
Det er òg framleis mange lause trådar. Næringa veit i for liten grad kva resultatet eigentleg vert.
Næringa er ikkje fornøgde. Sjølvsagt er dei ikkje det. Dei er framleis i kampmodus.
Regjeringa har ikkje fleirtal på Stortinget, og treng hjelp for å få skatteforslaget igjennom. SV vil gjerne stramma til den skruen som regjeringa no har letta på. Opposisjonen til høgre for regjeringa, vil ha vekk eller redusera skatten.
Næringa ropar framleis høgt, fordi dei vil appellera til dei meir næringsvenlege kreftene i regjeringspartia. I håp om at dei heller skal venda seg mot høgresida enn venstresida for å få fleirtal.
Men dei bør passa seg litt: Ved å ikkje anerkjenna at regjeringa faktisk har gått bransjen i møte, kan dei òg gje SV meir gjennomslag.
Det burde heller vera tid for å setta seg ned for å snakka saman. Alle ansvarlege parti på Stortinget burde nemleg kunna samla seg om følgande:
- Oppdrettsnæringa bør betala meir skatt enn dei har gjort.
- Me treng at det er lønsamt å utvikla næringane langs kysten.
- Me vil ikkje ha nokon polarisert debatt som skapar ei større grøft mellom staten og næringslivet.
- Skattepolitikken bør bygga på breie fleirtal i Stortinget.
Det burde kunna danna grunnlag for eit breitt forlik. Det hadde tent både kysten og staten.
I denne saka har nemleg alle partar eit inntrykk å retta opp. Regjeringa må rydda opp i slett politisk arbeid, og for å ha bidrege til ein polarisert debatt. Opposisjonen bør ta innover seg at meir straumstøtte, meir til forsvar og meir til Ukraina, vil krevja høgare skatteinntekter. Næringa må ta innover seg at dei ikkje er tent med å ha eit stempel som bransjen som ikkje vil bidra til fellesskapet.
Om vaksne folk set seg ned og snakkar saman, treng ikkje dette å verta så ille.