Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Åtte år med Ap-styre i Bergen går mot slutten. Det er den einaste logiske konsekvensen av valresultatet i Bergen.
Sjølv om både Arbeidarpartiet og Venstre heldt på mandata dei har i bystyret, er det parlamentariske grunnlaget for topartibyrådet borte.
Alle partia som går mest fram, Høgre, Framstegspartiet, Bergenslisten og Industri- og næringspartiet vil bytta ut Rune Bakervik som byrådsleiar.
Bortsett frå Høgre, har alle ein annan kjepphest til felles. Det handlar om Bryggen. Det handlar om Bybanen. Det gjeld særleg den største valvinnaren i Bergen. Trond Tystad og Bergenslisten ligg an til å få fire mandat i bystyret. Det er historisk av ei lokal liste utan nokon nasjonal paraplyorganisasjon.
Bakervik bør varsla avgang allereie tysdag morgon. Slik er demokratiet.
Christine Meyer (H) får likevel ingen enkel jobb med å stabla på beina eit nytt byråd. Langt ifrå.
Det er det tilbakevendande spøkelset i bergenspolitikken som gjer det så komplisert.
For Kristeleg folkeparti, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne har bybanetraseen vore ei heilag ku.
For Framstegspartiet, Senterpartiet, Bergenslisten, og Industri- og næringspartiet er det heilt omvendt. Dei vil tapa det dei har av ansikt om dei kompromissar på Bryggen og Bybanen.
Å laga kompromiss utelukkande med parti som stiller ultimatum, er eit uhyre vanskeleg utgangspunkt. Umogeleg, skulle ein tru.
Byen treng likevel eit byråd.
Om ein skal lytta til veljarane, er oppslutninga om bybanetraseen langs Bryggen òg heilt klart svekka.
SV er det einaste av partia som ønskjer Bryggen-traseen, som går fram. Særleg Miljøpartiet Dei Grøne får hard medfart. Partia som går fram har utan tvil mobilisert på bybanemotstanden.
Likevel bør alle no vedgå at ein omkamp slettes ikkje betyr at ein berre kan stemma for ei tunnelløysing. Ein omkamp vil gje nye år med ørkenvandring. Ingen av tunnelalternativa som er lagt fram for bystyret er realiserbare, eller noko nokon burde ønska å realisera.
No vert det spennande å sjå kva Christine Meyer finn på.
- Ei av løysingane er rett og slett å droppa å utsetja andre for kamelsvelging, og at Høgre dannar eit byråd åleine. Det opnar den negative parlamentarismen i Bergen for. Byrådet treng ikkje fleirtal, berre å unngå mistillitsfleirtal.
- Eit anna alternativ er å skrota bybanetraseen og danna fleirtal med alle Bryggen-motstandarane i bystyret. Det kjem til å øydelegga Høgre sin relasjon til dei fleste etablerte partia i byen. Det finst likevel eit fleirtal der.
- Eit tredje alternativ, er at Høgre, sentrumspartia og Arbeidarpartiet lagar ein ny bybaneavtale ala Bergensprogrammet frå 1999, og at Arbeidarpartiet fredar eit byråd med KrF, Venstre og Høgre – for å redda Bybanen. Det kan tolkast som eit hån mot veljarane sin dom, men ein unngår at Bybanen hamnar i spel på nytt.
Det finst heilt sikkert andre alternativ, òg. I bergenspolitikken er alt og ingenting usannsynleg.
Det er no uansett opp til Christine Meyer å sørga for å ta over styringa av Bergen. Ho bør ikkje vera redd for spøkelser, men helst utføra eit og anna mirakel.