Rus, slagsmål, bråk og uvitande foreldre

– Her i heimen har me byrja å fylgje med på kva ungdommen gjer. Det som eg var vitne til i helga satt meg fullstendig ut, skriv Jannike Haugo frå Voss. FOTO: PRIVAT

– Her i heimen har me byrja å fylgje med på kva ungdommen gjer. Det som eg var vitne til i helga satt meg fullstendig ut, skriv Jannike Haugo frå Voss. FOTO: PRIVAT

Av

Foreldre må vere tilstades. Kutt ut vinglaset de tenkte å ta i helga. De veit ikkje om de får ein telefonsamtale angåande dykkar barn.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er ikkje noko nytt at det er mykje bråk på Vossevangen for tida. Dei fleste foreldre har inga aning om kor alvorleg dette er. Her i heimen har me byrja å fylgja med og reiser ned på kvelds- og nattestid så det er vaksne i nærleiken når ting skjer og for å vere ei støtte. Det som eg var vitne til i helga satt meg fullstendig ut.

Eg var vitne til tre slåstkampar i løpet av svært kort tid. Og det var fleire enn desse tre. Blant anna vart sonen min og ein venn av han slått ned. Dette får sjølvsagt fylgjer. Eg snakka også med eit anna offer som eg sende på legevakten med hovudskadar.

Ein ting som bekymrar meg svært mykje er at det er ungdomsskuleelevar ned i 13-årsalderen som er involvert og er vitne til alt som skjer.

Unge jenter som set seg i bilar og blir med å «ruller» rundt i bygda. Dette er ikkje berre i helger, men skjer og i vekene på kveldstid. De som har unge jenter i heimen skal vite at kvar helg skjer det mykje i desse bilane som er svært alvorleg. Situasjonar som dei ikkje kan rå over eller kome seg ut av. Her kan dei bli introdusert til rus (i nokre tilfeller veit dei ikkje om det sjølv) som kan føre til blant anna voldtekt. Det fins og dei som lokker jenter inn i bilen og fylgjer etter dei på Vangen.

Det er viktig å understreke at dei aller aller fleste som rullar er svært kjekke ungdommar som ikkje gjer anna enn å køyre rundt!

Politiet gjer så godt dei kan og gjer ein fantastisk jobb, men dei har ikkje mogelegheit til å vere der heile tida når det er så gale som det er no. Her må foreldre på banen. Det er eit ordtak som seier at «det skal ein landsby til for å oppdra eit barn». Slik er det dessverre ikkje lengre. Mange bryr seg ikkje om andre enn sine eigne, nokon for at dei ikkje vil «blande» seg i noko som ikkje har med dei å gjere.

Denne tankegangen kan eg ikkje forstå, og det skremmer meg. Dei aller fleste vil setje pris på å få vite om 13-14 åringen deira går og ravar rundt berusa på Vangen på kvelds-og nattestid, eller set seg i ein bil med eldre i. Det er inga unnskyldning å unngå å ringje berre for at ein er bekymra for kva reaksjon ein får i andre enden av telefonen.

Problemstillinga trur eg skjer overalt, i større og mindre grad. Sjølvsagt skal foreldre vere oppmerksame sjølv om dei trur alt er bra. Sjølv dei beste tar feil val. Dette gjeld både born, ungdom og vaksne.

Kva må me som foreldre og andre vaksne då gjere? Me må vere tilstades. Kutt ut vinglaset de tenkte å ta i helga. De veit som oftast ikkje om det er de som får ein telefonsamtale angåande dykkar barn.

Avtal med andre vaksne og ta turen til Vangen, eller der ungdommen oppheldt seg på kveldar og i helger. Berre det at vaksne er tilstades hjelper og kan hindre alvorlege situasjonar!

Bygg opp tillit til vennane til borna dine, spesielt dei som slit og har ein tendens til å havne i feil situasjonar. Borna vil alltid finne ein måte å omgås med dei om dei absolutt vil. Då er det greit å kunne ringje det bornet det gjeld. Du kan og påvirke det bornet sitt liv. Bry deg om andre sine born, ikkje berre døm dei nord og ned. Me har alle eit ansvar.

Ta kontakt med ungdommar i situasjonar de er vitne til som ser bekymringsverdige ut. Kontakt politiet når de føler eller får vite at det skjer eller har skjedd noko som ikkje er greit.

Ikkje slutt å prat med andre foreldre når borna byrjar på ungdomsskulen. Då treng ein det meir enn før. Kontakt andre foreldre når ting skjer.

Sjekk ved overnattingar. Overnattar dei eigentleg hjå kvarandre, eller gjer dei andre ting? Dobbeltsjekk at borna faktisk er på rommet deira og ikkje berre tru. Sjekk at dei er der når du legg deg, spesielt i helger.

Prat med borna frå ung alder om kva som skjer i liva deira, ikkje kritiser for mykje. Då sluttar dei å prate med deg. Ungdomstida er ei tid då dei skal separerast frå foreldre og finne seg sjølv, dette er positivt. Dei vil ha friheit og ser ikkje farlege situasjonar dei kan havne i med dei vala dei tar. Ikkje straff borna for hardt når dei har gjort eit dumt val. I nokre tilfelle kan det ha motsett effekt.

Husk at ein 18-åring er framleis eit born som behøv deg. Det er på tide å ta ansvar for borna våre!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken