Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
31. januar hadde filmen Ellos eatnu – La elva leve – førpremiere i Bergen. På podiet, før filmen starta, stod hovudrolleinnehavar Ella Marie Hætta Isaksen og regissør Ole Giæver. Ella Marie, som spelar unge Ester i filmen om Alta-opprøret i 1979, gav publikum beskjed om at filmen inneheldt sterke scener, og at det var lov å visa kjensler.
Eg veit at eg ikkje var den einaste i salen som måtte ty til tårene. Då filmen tok slutt reiste ein fullsett sal seg og applauderte. Ein sterk film, ei sterk oppleving.
Eg vart slått av parallellen og kontrastane mellom det denne filmen får til og det den norske Sannings- og forsoningskommisjonen prøver å få til. Arbeidet med filmen starta i 2018, same året som kommisjonen vart nedsett av Stortinget. Arbeidet til både filmteamet og kommisjonen har gått for seg mest i det stille, utført av hardt arbeidande og gode fagfolk, utan å tiltrekka seg mykje merksemd frå journalistar.
Ur-premiera til Ellos eatnu på Tromsø Internasjonale Film Festival (TIFF) kom berre nokre få månader før Sanningskommisjonen skal legga fram sluttrapporten sin for Stortinget 1. juni. Både film og kommisjon har fokus på fornorskingspolitikken retta mot samar (og for kommisjonen sin del, også fornorskingspolitikken retta mot kvenar, norskfinnar, og skogfinnar) og alle dei negative konsekvensane som følgde i kjølvatnet av denne statlege politikken: Tapt språk, tapt identitet, tapt kultur, hat, diskriminering, alkoholisme, vald, sjølvmord.
Sjølv om samisk kultur kan synast å vera i vinden, peikar den norske staten sin realpolitikk i ei anna retning.
Elin Skaar
Men eg spør meg om sanningskommisjonen vil lukkast i å få til det Ella Marie Hætta Isaksen greier å gjera gjennom tolkinga si av Ester. Vil kommisjonsrapporten greia å nå fram til eit stort og breitt publikum, både samar og majoritetsnordmenn? Vil rapporten bevega, engasjera? Skapa ei betre og djupare forståing av det fornorskingspolitikken gjekk ut på, og dei såra denne politikken har skapt? Visa kva unge folk med engasjement kan få til når dei står på?
Visa kontrasten mellom dei generasjonane som har tapt språk og skjult identiteten sin, og dei stolte unge samane – som Ella Marie og Ole – som i dag ber kofte med stoltheit og snakkar samisk, eller prøver å læra seg samisk?
Svaret får me fyrst når sluttrapporten vert lagt fram i juni. Men kanskje endå viktigare enn sjølve rapporten, er anbefalingane til forsoningstiltak som kommisjonen vil komma med. Vil dei foreslå tiltak som staten faktisk kjem til å iverksetta?
Fosen-saka lovar ikkje bra i så måte. Her nektar staten å handheva ein rettskraftig dom frå Høgsterett, i ei sak der utvinning av naturressursar og økonomiske interesser står steilt mot samiske tradisjonelle levevegar og kulturutøving. Situasjonen i dei nordlege delane av landet vårt i 2023 er nemleg ikkje så ulik situasjonen under Alta-aksjonen i 1979.
Så sjølv om samisk kultur kan synast å vera i vinden, peikar den norske staten sin realpolitikk i ei anna retning: Samisk kultur og tradisjonell levemåte blir kun hegna om så lenge han ikkje står i vegen for økonomiske interesser. Staten si haldning til vindkraft og gruvedrift er difor ein realitet som også sanningskommisjonen må forhalda seg til når han no finpussar anbefalingane som skal inn i sluttrapporten.
Som Ella Marie sa etter filmframsyninga er det ein vanskeleg spagat å stå i for samar, når ein på den eine sida har ein kultur og eit språk i full blomstring – og på den andre sida kjempar mot ein stat som held fram med nye overgrep.
Sanningskommisjonen bør alliera seg med dei unge taleføre samane, som Ella Marie, som har folkeopplysing som eit av sine store personlege prosjekt. Berre slik trur eg kommisjonen kan bli meir synleg og gjera seg sjølv relevant.
Difor håpar eg at Dagfinn Høybråten tek utfordringa og stiller på filmpremieren til Ellos etnu i Bergen på måndag 6. februar, Samefolkets dag, og vert med samane i Bergen på feiringa. Eg veit han er invitert.
Gratulerer med dagen! Lihkku beivviin!
