Gå til sidens hovedinnhold

Skulane må haldast opne

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Utbrotet av koronaviruset har ført til sterke tiltak for å hindre smittespreiing og beskytte samfunnet. I ein slik situasjon kan ein sjå solidaritet og kreative løysingar. Samstundes oppstår det usikkerheit, i ein periode kor vi blir pålagt å halde avstand og isolere oss sosialt.

Skulekvardagen blei endra i mars. Ingen fekk komme inn på skulen og undervisninga måtte skje digitalt. Lærarane måtte vere kreative og elevane sin skuledag blei meir stillesitjande. Ettersom samfunnet har opna opp igjen har det vore mykje diskusjon kring kva som har vore rette tiltak for å hindre smittespreiing og samstundes sikre gode utdanningsmoglegheiter.

Nokre trivst godt med heimeskule. Dei sett pris på ro i arbeidssituasjonen og kjenner det lettare å konsentrere seg utan støyande medelevar i klasserommet. Eg trur likevel at dei fleste har eit behov for å nytte skulen som møteplass. Det er vanskeleg å skape nye vennskap over digitale plattformer. Kontakta mellom elev og lærar kan heller ikkje vedlikehaldast digitalt åleine. Ein må møtast. Tryggleik i læringssituasjonen er viktig for å kunne tileigne seg ny kunnskap. Eg trur at personlege relasjonar må pleiast og at ein difor må kunne møtast fysisk.

Les også

Vi føler oss ikke sett, hørt eller anerkjent

Isolasjon heime kan dessutan kjennes tungt, særleg no i den mørke tida kan mange streve med tunge tankar. Elevar som ikkje har ei aktiv fritid, til dømes fordi fritidsaktivitetane er lukka eller at ein ikkje får treffe venner, kan kjenne på einsemd. Det kan óg føre til auka konfliktnivå i heimen. Ein kranglar meir med sysken og foreldre når ein kjenner at ein byrjar å gå på veggane.

Faktisk kan ein argumentera for at så strenge tiltak mot smittespreiing, som dei vi hadde i vår, kan seiast å vere eit strengare inngrep i liva våre enn det er å sone ei fengselsstraff heime. Heimesoning tillet at ein forlet heimen sin for å gå på arbeid eller trening (kriminalomsorgen.no). Med stengte skular og idrettshallar opplevde mange at dei ikkje hadde eit anna alternativ.

Til sist kan det vere ei utfordring å skulle disponere dagen sin sjølv. Det krev disiplin å skulle arbeide sjølvstendig. Ikkje alle elevar er modne nok til å klare det sjølv. Om ein ikkje har foreldre som kan hjelpe om ein står fast, krev det mykje av læraren å fange opp dei som fell utanfor. Eg trur heimeskule over tid vil utfordre likskapsskulen.

Det er ei særskilt utfordring for born frå sårbare heimar. Nokre born veks opp i familiar der foreldre har problem med rus og vald. Dei treng å komme seg ut. Dei treng andre ansvarlege vaksne i liva sine.

Smitteverntiltak som handsprit ved inngangsparti, høgreregel og ein-meters avstand har vi på skulen for å hindre smittespreiing. Dagens ordning med skule annankvar dag er eit mykje betre alternativ enn ei total nedstenging.

Les også

Steng skolene – gi lærerne våre ekstra fridager før jul

Kommentarer til denne saken