Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Foreldre gjer så godt dei kan, men å oppdra barn fører med seg eit enormt ansvar.
Så langt er Henning Jon Grini og eg heilt einige, utifrå innlegget han hadde i BA laurdag 18. mars. Løysinga, derimot, ser vi ulikt på.
Det er aukande vald og truslar i skulen, både i Bergen og andre stader. Tala er heilt klare, og tendensen har vore der i fleire år. Dersom ein jobbar som lærar, står ein i fare for å bli utsett for vald.
Mange lærarar silar ut kva dei melder vidare, fordi det ville tatt for mykje tid å melde inn alle tilfelle. Nokre gongar skjer hendingar med alvorlege psykiske og fysiske øydeleggingar. Ofte gjentek truslar og vald seg, kvar einaste dag.
I innlegget til Grini, les vi om barn frå oppløyste heimar og barn som opplever omsorgssvikt. Grini skriv om sosiale medium, og foreldre som ikkje klarar så setje grenser for skjermbruk. Og løysinga? Det må bli skulen sitt ansvar.

Skolen bør ta mer ansvar for oppdragelsen
Grini går så langt som å sei at skulen bør ha eit større ansvar for oppdragelsen av barna våre. Sjølv trur eg noko av problemet er at skulen allereie blir forventa å ta dette ansvaret.
Foreldre bør ta eit større ansvar for oppdragelsen av barna sine. Det er foreldra sitt ansvar å avgrense bruken av skjerm, og dette er umogeleg for skulen å gjere noko med.
Vi kan ikkje bestemme over skjermbruken, anna enn på skulen, der skjerm blir brukt fordi vi er nøydd til å lære barna å bruke ulike skjermar på ein gagnleg måte.
Dette er det også mange som meiner noko om, utan å nødvendigvis vite så mykje om kva skjerm betyr i skulen, anna enn at skjerm er dumt.
Det finnast sjølvsagt bruk av skjerm som ikkje er bra, eller på tidspunkt som ikkje er bra, men skulen kan ikkje vere med på regulering av fritidsskjem. Dette er, og må vere, foreldra sitt ansvar.
Skulane kan ikkje fungere som motvekt mot foreldra. Det vil vere skadeleg for elevane.
Isabel Jensen Hem-Grindheim
Det er også foreldra sitt ansvar at barn og ungdom legg seg om kvelden og står opp om morgonen. Under lærarstreiken i haust kom det fram at dette var ei bortimot umogeleg oppgåve, om skulen ikkje var der som gulrot – eller pisk om du vil.
Personleg skulle eg gjerne lært elevane at førebileta deira, som Sophie Elise og Christian Brennhovd, er skadelege. At ingen fekk lov å lytte til dei igjen, fordi vi vil ha eit anna samfunn enn det sjølvopptatte oppgulpet dei ofte kjem med. Men det er ikkje mitt ansvar som lærar.
Eg kjem derimot til å lære sønene mine at dei blir arvelause dersom dei nokon sinne seier at jenter må operere seg for å bli vakre eller at kondom er «fette nørd». Ein trussel som ikkje er den verste med lærarløna mi, men likevel.
Elevane lærer mange verdiar i skulen,men vi må vere forsiktige med det også. Dersom elevar til dømes uttalar at transkvinner er menn, kan eg protestere på det med læreplanen i ryggen.
Men eg kan ikkje kritisere vedkomande sine foreldre for å meine det same.
Sjølv om vi, som etterlyst i innlegget til Grini, kan bidra for å skape gode verdiar hjå barna, er det ikkje slik at vi kan eller skal diktere meiningar for elevane.
Utfordringa med at mange barn lærer elendige verdiar frå heimane sine, er eit stort samfunnsproblem, som samfunnet generelt må ta ansvar for.
Skulane kan ikkje fungere som motvekt mot foreldra. Det vil vere skadeleg for elevane.
Løysinga synast ofte å vere at ting må inn i skulen. Uansett kva problemet er, er løysinga at det må inn i skulen.
Så langt i år har det blitt meint at søvn og å klare å sei nei til sex, må inn i skulen. Barn og unge må lære personleg økonomi og berekraft på skulen. Nokre vil ha meir praktisk arbeid i skulen, andre meir samarbeid med aktørar utanfor skulen.
Ingen har spurt lærarane verken korleis det er, eller kva lærarane trur er lurt. Ingen har tenkt på at alt som må inn krev ressursar både med tanke på tid, pengar og folk. Om alt skal bli skulen sitt ansvar, kven skal då ta ansvar for undervisninga til barn og ungdom?

I skolen må det være nulltoleranse mot vold

Overgrep skjer. På Askøy, i Bergen og Øygarden
