Då eg jobba på sosialkontor på 80-talet, løyvde vi ein gong pengar slik at ein klient fekk skaffa seg hund. Det var rett og klokt.

Vi kunne gjere det fordi det på 60-talet vart knesett ei offentleg velferd som sa at dei som ikkje greidde å dra omsorg for seg sjølve, dei skulle få sosialhjelp til å hanskast med eller overvinna ein vanskeleg livssituasjon.

Det skulle vera slutt på verdige og uverdige trengjande – måtte ein ha hjelp, skulle ein få det, uansett om det var eins eiga «skuld». Lova slo også fast at ein kunne få sosialhjelp sjølv om ein ikkje strengt tatt fylte kriteria, om det kunne vera føremålstenleg – slik som med hunden.

60 år seinare, er det ikkje slik. Adventstida varprega av at mange fattige endeleg tok bladet frå munnen og fekk spalteplass i media for å fortelja om korleis fattigdommen åt seg innpå dei, fleire og fleire. Straumprisane skremde opp hundretusenvis av Ola og Kari, som ikkje såg korleis dei skulle kunna betala straumrekningane – og dermed kom andre rekningar med i dragsuget.

Les også

Slår alarm: Dette kan vi ikke godta i Norge

Noreg har ei raus straumstøtte-ordning, vert det sagt. Men så lenge straumrekningane ligg høgt over det folk har kalkulert med, vert det kritisk for dei som ikkje har noko å gå på.

Sosialhjelpsmottakarar, minstepensjonistar, uføretrygda og alderspensjonistar som har meir enn minstepensjon, men ikkje så mykje at det let seg gjera å leggja noko til sides når alle prisar stig.

Matvareprisane steig før jul, så mykje som opp til 10 prosent, om vi reknar inn seinhausten. Det er mykje, altfor mykje. Og nei, det er ikkje bønder og småbrukarar si skuld. Det er ikkje dei som håvar inn millionar på auka matvareprisar. Ikkje flyttar dei til Sveits heller, dei som har gard og grunn. Det er liksom ikkje så praktisk for dei.

Eg veit ikkje om det var uttrykk for skamvit frå matvaregigantane i Noreg at dei like før jul sette ned prisane på ymse julevarer. Men slikt kan ein ikkje budsjettera med – eller tenkja langt framover med.

Matvaresentralane og friviljuge organisasjonar som delte ut mat, dei greidde ikkje å stetta behovet. Eg skjønar det slik at ein del Navkontor viste sine klientar til dei friviljuge. Spør du meg, heng det ikkje på greip.

Les også

Matsentralen: – Jeg er redd vår hjelp dekker til problemet

Før jul vart det for alvor kjent at fattige stilte seg i matkø utanfor Frelsesarmeen, Matsentralane eller Fattighuset – i staden for å søkja sosialhjelp hos Nav. Dei opplevde at Nav ikkje var tilgjengeleg, at det var vanskeleg eller uråd å koma igjennom eller få avtalar – og at Nav stilte så beinharde krav for å yta hjelp at hjelpetrengjande gav opp. Då sviktar velferdsstaten. Ikkje noko mindre.

Menneske skal ikkje gå svoltne eller frysa i Noreg. Det er som om 1800-talet bankar på døra.

Eg har ein fjesbokven som heiter Johanna Engen. Ho har lenge jobba mot fattigdom og er fattig sjølv. Femte januar hadde ho eit innlegg i Klassekampen med overskrifta «Vi vil ikke ha almisser, Jonas.» Der skriv ho: «Hvorfor tror du at mange heller velger å stå i matkø utenfor Fattighuset, fremfor å stå med lua i hånda på Nav? Der må du vrenge både sjela og lommeboka for kanskje å få hjelp. Eller avslag. Bli mistenkeliggjort....»

Ei veke før jul skreiv arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen på facebook at ho hadde innført ein ny rettleiar for Nav som understrekar folks rett til individuell behandling, dei tilsette sitt faglege skjøn og rausheita som ligg i lovverket.

Eg hugsar eg tenkte: «Er det for godt til å vera sant?» «Rausheit» og «Nav» er då så langt frå kvarandre som råd? Men det er statsråden som bestemmer, og Nav skal føya seg. Og miraklenes tid er jo ikkje forbi?

Sist laurdag fekk Johanna Engen svar i Klassekampen frå saksbehandlar Maria Hollie Rieck i Nav Oslo. Ho gjev Johanna Engen rett i at «vi mistenkeliggjør. Vi tror ofte at vi blir lurt. Det verdsettes å være «streng» i Nav, å være en god «portvokter», å snu folk i døra.» Men så skriv ho: «Men nå snur det.» Den nye tillitsreformen til Nav-direktør Hans Christian Holte og den nye rettleiaren til Mjøs Persen gjev nye føringar. Frå no av er det verdigheit og rettferd som gjeld.

La oss inderleg tru at ho snakkar og skriv for heile Nav. Er det noko som trengst i norsk sosialpolitikk, er det verdigheit og rettferd.