Utbygginga vil få dramatiske negative konsekvensar. Store naturverdiar og eit heilt unikt fjord- og kystlandskap vil vera tapt for all framtid. Klimautsleppa vil auka kraftig, særleg dei første 10 åra.

Det vert hevda frå ordføraren at Hordfast er eit svært «lønsamt» prosjekt. Problemet er at i dette reknestykket er verdien av natur, frilutsliv, naturressurser, kulturminner og landskap sett til null.

Ordføraren er og skeptisk til NMF sine påstandar om at prisen på Hordfast vil auka og at samfunnsnytten vil bli negativ. Grunnlaget for NMF og Naturvernforbundet sine berekningar er henta frå NTP-dokument gjennom fleire periodar og den omtalen desse har av kostnadstal for vegprosjekta.

I NTP 2014-2023 finn ein kostnadsanslag for Sotrasambandet og Rogfast (verdens lengste undersjøiske tunnel). I 2014 skulle Sotrasambandet og Rogfast kosta hhv. 7 og 12,2 milliardar.

Per dags dato er kostnadstala for Sotrasambandet 16 milliardar (ca 16 mrd på bygging og ein total kostnad på 23.1 mrd) og det er vedtatt ei øvre kostnadsramme for Rogfast på heile 25 mrd. kr. Meir enn ein fordobling og det før dei knapt har starta bygginga! I tillegg er Hordfast omtalt i plandokumenta som svært krevjande, med uprøvd teknologi og stor usikkerhet for kostnadsvekst.

Les også

Hordfast er nøkkelen

NMF latterleggjer ikkje Statens Vevgesen (SVV) sine trafikkprognosar slik ordføraren påstår, vi tar dei på største alvor fordi konsekvensane er store. I kommunedelplanen for Hordfast reknar SVV med at i 2030 vil det gå 9.800 kjørtøy pr. døger (ÅDT) på bruene over Bjørnafjorden og Langenuen og i 2050 vil det gå 13000 kjøretøy. Meir enn ei tredobling frå dagens trafikk. Både Statsforvaltaren (Fylkesmannen) og Fylkeskommunen har i sine høyringsinnspel til planen peika på at trafikkprognosane er urealistiske, at dei må reviderast og ikkje tar omsyn til avvisningseffekt frå bompengar.

I tillegg vil ein slik vekst undergrava målsettinga om nullvekst i personbiltrafikken i Bergensregionen. Paradoksalt nok må prosjektet ha betydeleg høgare trafikktal om ein skal kunna finansiera 14mrd. i bompengelån som igjen betyr at det må innbetalast ca 20 mrd. i bompenger for å dekka renter- og innkrevjingskostnader.

Les også

Å prioritere blant samferdselsprosjekter er ikke å spre splid

FN sin bodskap er krystallklar, verda er i ferd med å øydeleggja grunnlaget for eit unikt naturmangfald. Tusenvis av artar og naturtypar kan bli utrydda og dette er like krevjande som klimakrisa. Difor er utfordringane lagt som føringar for arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) på s. 67, sitat: «Vi må sikre naturmangfoldet og livsgrunnlaget for kommende generasjoner, slik at vi overlater naturen og miljøet til våre barn i minst like god stand som vi overtok dem. Klimaendringer, spredning av miljøgifter og tap av naturmangfold er vår tids største miljøproblemer. Regjeringen har derfor satt ambisiøse mål for kutt i klimagassutslipp og reduksjon av miljøkonsekvenser og nedbygging av natur i Norge». Vidare på s. 68, sitat: «Områder med nasjonale naturverdier bør ikke ødelegges slik at naturverdiene reduseres».

Det er dokumentert unike nasjonale naturverdiar der Hordfast skal byggjast, særleg på Tysnes og i Bjørnafjorden, men og på Stord. Naturtypar som Norge har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på. Til tross for dette vel ein løysingar for motorvegen som Statsforvaltaren åtvara mot og som vil medføra store øydeleggingar. Dette er i strid med overordna føringar!

Staten har bestemt at prosjektet skal regulerast som «Statlig plan». Det betyr at retten til innsigelser mot naturinngrep eller klage på vedtak er tatt bort. Arbeidsformen med «Statlig plan» slik den vert praktisert høyrer rett og slett ikkje heime i eit moderne åpent demokrati der ulike interesser skal få høve til å påverka arbeidet til beste for miljøet!

Norge har ei målsetting om å kutta minst 50 prosent av klimagassutsleppa innan 2030, status er no i underkant av 4 prosent. Hordfast vil undergrava arbeidet med å nå målsettinga. Det er estimert at utslepp frå bygging og arealinngrep i Hordfast vil utgjera eit utslepp på 691.000 tonn. I tillegg skal det byggjast ny 4-felts motorveg mellom Stord og Boknafjorden og samla sett vert utsleppa heile 1252.300 tonn.

NMF har gått gjennom alle plandokument for Hordfast. Desse syner massive irreversible naturinngrep som etter vårt syn vil vera brot på internasjonale avtaler, på nasjonale målsettinger og på lover og retningslinjer.

Lytt til bodskapen frå tidlegara statsminister Kåre Willoch fra Høgre, sitat: «Fordi opinionen styrer politikken mer enn politikken styrer opinionen, er miljøbevegelsens arbeid for å vekke opinionen uunværlig for å berge miljøet». Det er ei sterk og samla miljørørsle med mange ti-tusener medlemmar og støttespelarar i ryggen som krev stans i arbeidet med Hordfast og auka omsyn til naturverdiane i dette området. No skal opinionen mobiliserast og Regjeringa må handla.

Det hastar gode vener, stopp Hordfast no!