Straffelovrådet i Noreg er på viddene. Bokstaveleg tala. Før jul, tre månader før 8. mars, tilrådde dei å avkriminalisera sexkjøp i Noreg. Sexkjøpslova frå desember 2008, som kriminaliserte kjøp, ikkje sal av sex, har tent kvinner, menn og Noreg godt, vil eg påstå.

Straffelovrådet, av alle, synest ikkje det. Eller kan hende tek dei slett ikkje omsyn til det?

For kvifor vil Straffelovrådet avkriminalisera sexkjøp i Noreg? Vil det hjelpa mot valdtekt? Nei. Vil det hjelpa mot overgrep? Nei. Vil det hjelpa mot trafficking, altså handel med kvinner til prostitusjon? Nei, slett ikkje. Tvert imot!

Inntil ein halv million kvinner har vorte traffikerte til Vest-Europa – til prostitusjon. Til sex-slaveri, fornedring, vanhelse og livsfåre. Å avkriminalisera sexkjøp vil forsterka sex-slaveri, med opne augo, i Noreg.

Så kva vil avkriminalisering hjelpa mot, eller for den del for? Trakassering av unge kvinner i det norske forsvaret? Nei, det har nok ikkje Straffelovrådet sett på, ein gong! I førre BA-spalte skreiv eg mellom anna om Silje Falmår, den unge, vernepliktige varslaren som melde frå om trakassering, overgrep og valdtekt i kaserna på Bardufoss. Forsvarsleiinga veik unna i lengste laget.

Les også

Etter 2014 spør ingen lenger om 8. mars har utspela si rolle

Å gjera sexkjøp kvardagsleg att, med lov i hand, slik det var før 2009, vil styrkja den gjennomseksualiserte kulturen vi lever i. I ein gjennomseksualisert kultur som den norske, har pornografien vorte lærebok for unge menneske – og grensene mellom sex og vald har vorte utydelege der dei burde ha vore absolutte.

Så kva meiner Straffelovrådet legalisering av sexkjøp vil hjelpa på? Partnardrap? Dei har visst ikkje vurdert det heller, men dei veit nok at svaret er nei. Forslaget deira er uansett på høyring med frist 13. april.

Sexkjøpslova er ein av kvinnerørslas store sigrar. Abortlova ein annan. Begge har til felles at dei aldri er vunne ein gong for alle.

Oddny Miljeteig

Straffelovrådet meiner at sal av sex inngår i den einskildes seksuelle sjølvråderett. Då meiner dei vel at maktforholdet mellom den som sel og den som kjøper er jambyrdig? Nei, dei meiner ikkje eingong det. Dei meiner at eit kjøpt samtykke, sjølv under svært ujamne maktforhold, framleis er eit samtykke!

Spør du meg, må dei ha røykt langt meir enn sokkane sine, dei i Straffelovrådet! Er det ikkje pinleg at vaksne menneske, tiltrudde fagleg kunnskap og vit og forstand, kan ha ei slik ikkje-eksisterande maktforståing? Og å stilla fåkunna si til skode for all verda? Slik kan det gå når liberalismen tek overhand og stiller menneske verjelause – på offentleg papir!

Både SV og Ap vedtok å gå mot sexkjøp på landsmøta sine i 2008. På SV-landsmøtet før (2006) meiner eg det skilde elleve røyster på fleirtal og mindretal, men det var i 2008 vi vann.

Påtroppande SV-leiar Kirsti Bergstø kjempa som leiar i Sosialistisk Ungdom for å få gjennom sexkjøpslova. Til Klassekampen fortel ho at ho i sin aller fyrste tale, 1. mai 1998, tok til orde for å kriminalisera sexkjøp.

Kirsti Bergstø er frå Finnmark, og mot slutten av 1990-talet i barndomstraktene hennar minnest no busslaster med russiske kvinner som vart frakta over den norsk-russiske grensa for å selja sex.

Kvinner i Russland hadde få alternativ og veldig tøffe liv. I ein liten kommune som Tana var det stor prostitusjonstrafikk til ein nedlagd campingplass. Lokalbefolkninga protesterte høglytt.

Lagnaden ville det slik at eg 8. mars i år delte talarstol i Knarvik med Jane Nordlund, ei av dei aller fremste kvinneaktivistane i Bergen og Vestland. Jane var sentral i arbeidet med å få bukt med prostitusjonen i Finnmark. Til liks med Kirsti Bergstø har Jane Nordlund fleire kvinneaktivist-tiår til ende levd etter at ein ikkje skal godta det ein kan endra. Basta!

Sexkjøpslova er ein av kvinnerørslas store sigrar. Abortlova ein annan. Begge har til felles at dei aldri er vunne ein gong for alle. I dag er regjeringa av SP og Ap opne for å diskutera om sexkjøpslova skal forkastast. Dei er vel redde for ikkje å vera liberale nok? Som om dei skulle vera Venstre eller FrP? Eller for den del Høgre?

Erna Solberg har endeleg vist at ho glatt kastar abortlova i potten dersom spelet står om makt. Og det var altså regjeringa Solberg som som sette ned utvalet som no foreslår å skrota sexkjøpslova. Då kan ein vel ikkje betre venta frå utvalet?

Hadde det vore kvinnepolitisk tak i regjeringa til Erna Solberg, hadde dei gått gjennom korleis handhevinga av sexkjøpslova kan styrkjast – og korleis ein kan få meir effektive tiltak frå politiet si side. Til dømes. For det trengst.

I staden meiner Høgre at sexkjøpslova er til meir skade enn gagn og gjer prostituerte meir utsette for vald og diskriminering. I dette er faktisk Høgre ubegripeleg nok på lag med Amnesty, som har falle både kvinner og kvinnerørsle i ryggen. Med Høgre og Amnesty sitt perspektiv må vel forsvar for barnearbeid vera det neste?

Berre elleve prosent av norske kvinner ynskjer å oppheva sexkjøpslova. Elleve prosent! Vi får merka oss talet. For sexkjøpslova verkar. Den har dempa etterspurnaden etter kjøp av kvinner, den har avgrensa omfanget og den har gjort noko med haldningane i samfunnet.

Langt færre menn synest det er eit val å kjøpa sex. Ikkje tilfeldig er det at fleire land i Europa vurderer ei sexkjøpslov på line med den norske og den svenske.

Eg har tru på at Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil bevara fornufta når det kjem til sexkjøpslova. Saman med SV har dei fleirtal i Stortinget. Det bør vera meir enn nok til å setja tjukke strekar over innstillinga frå Straffelovrådet, på viddene som både rådet og forslaga deira er. Dei får halda fram med å røykja (meir enn) sokkane sine!