Måndag vakna me til storstreik. På Politisk kvarter møttest Jørn Eggum i Fellesforbundet og Stein Lier-Hansen i arbeidskjøparorganisasjonen Norsk industri.

Dei som forventa eit verbalt basketak vart skuffa. Trass i at streik er alvorlege greier og konflikt sett i system, bar seansen i radiostudio preg av tillit, ein sakleg tone og respekt for regelverket.

Ingen av dei let seg freista til å utfordra teieplikta som heftar ved Riksmeklaren sitt forsøk på avtale, som LO og YS sa nei til, og NHO aksepterte.

Den verdige tonen i radiostudio er ein verdi me bør legga merke til. At organisasjonane til arbeidskjøpar og arbeidstakarane, også etter at skarp konflikt er eit faktum, har ein sivilisert samtale, handlar om noko me ikkje kan snakka for lite om:

Både arbeidstakarar og arbeidskjøparar er i det lange løpet tent med eit organisert arbeidsliv. Det er den viktigaste valutaen me har om me ønskjer eit ryddige forhold på jobb.

Paradoksalt nok er det ikkje sikkert me hadde hatt nokon streik, om ein større del av arbeidslivet hadde større organisasjonsgrad.

At fagforeiningane står opp for at låglønte òg i desse næringane ikkje skal få svekka kjøpekraft, er det lett å ha sympati med.

I delar av det arbeidslivet som no er råka av streik, tyder mykje på at dei på golvet kunne ha levd fint med den avtalen som Riksmeklaren la fram. Det er i stor grad i den delen av arbeidslivet der storparten av dei sysselsette er organiserte.

Der vil det nasjonale tillegget verta supplert med lokalt framforhandla tillegg, som gjer at mange vil kunna få reallønnsvekst – altså at veksten i lønn ikkje vert eten opp av veksten i pris på varer og tenester.

I oljerelatert industri – der ein ikkje finn dei med dei lågaste inntektene, men mange er organiserte – vil truleg lønnsoppgjeret verta til å leva med uansett. At nokre av delane av næringslivet som driv med eksport går retteleg bra, vil hjelpa på når det skal forhandlast lokalt.

I andre bransjar – som til dømes i hotell og restaurant – der det er langt færre fagorganiserte, står dei tilsette i fare for å komma dårlegare ut. For det første er det i mindre grad reelle forhandlingar og håp om større lokale tillegg i den mindre organiserte delen av arbeidslivet. For det andre er det bedrifter som opplever tøffare økonomiske tider.

At store delar av det private næringslivet er uorganisert er ei utfordring. Dette gjeld særleg bransjar med mange utanlandske arbeidstakarar, men og bransjar med mange unge.

Det er eit langt viktigare forbrukarspørsmål at folk med arbeidsinntekt i Norge har råd til å vera forbrukarar.

At fagforeiningane står opp for at låglønte òg i desse næringane ikkje skal få svekka kjøpekraft, er det lett å ha sympati med. Dei med lågast inntekter bør løftast meir i ei tid der det særleg for dei vert dyrare å leva. Dei har ikkje komme godt ut dei siste ti åra heller. Særleg når ein veit at det i fleire bransjar har florert med bonusar for toppleiarane, som òg har hatt langt høgare lønnsvekst enn dei på golvet. Noko BA nyleg dokumenterte.

Det er det på tide at arbeidsgjevarane tar innover seg.

Me andre må ta innover oss at denne streiken ikkje handlar om at butikkane kan gå tomme for øl, sjokolade eller seigmenn. Det er eit langt viktigare forbrukarspørsmål at folk med arbeidsinntekt i Norge har råd til å vera forbrukarar. Sjølv om streiken til no har sett sivilisert ut på overflata, går det føre seg ein informasjonskrig som ikkje er like vakker.

På same tid: Det er ikkje overraskande at det vart krevjande å landa dette oppgjeret, sjølv om det berre var snakk om eit mellomoppgjer, som berre handlar om pengar. Krigen i Ukraina, høge straumprisar, låg kronekurs og at folk må snu meir på skillingen, skapar eit bilde som er krevjande i eit nasjonalt oppgjer.

Medan ein del av aktørane som baserer seg på eksport tenar særs gode pengar, er det særs trongt for dei som i større grad importerer varer. Ein skal òg ver forsiktig med å generalisera for mykje – me lever i tider der ulike delar av næringslivet opplever realitetane veldig ulikt.

Ein lønnsvekst som er rimeleg å forventa frå enkelte arbeidsgjevarar, kan vera spikaren i kista for andre. Derfor er det grunnar til at NHO ikkje vil auka dei nasjonale rammene meir.

Les også

Ein Big Mac med sylteagurk, utan ytringsfridom, takk!

Stein Lier-Hansen, på arbeidskjøparsida, avslutta radiodebatten i Politisk kvarter med å seia at ein langvarig streik er det siste me treng akkurat no.

Det kan ein vera einig med, når me ser stoda i delar av næringslivet. Me skal likevel vera veldig glade for at streikeretten finst. Sivilisert konflikt er langt betre enn alternativet. At arbeidstakarane kan legga ned arbeidet om dei ikkje meiner dei får ta del i verdiskapinga dei er med på, er viktig. Me kan heller ikkje akseptera at forskjellane i samfunnet heldt fram med å auka. Det burde verkeleg vera dei med lågast løn sin tur.

Den beste medisinen for å oppnå det, er at fleire sluttar opp om det organiserte arbeidslivet. Det vil òg bedriftene vera tente med i det lange løpet. Det vil gje ein meir sivilisert samtale i bedriftene.

Kanskje ein òg kunne ha unngått denne streiken.