Eg gidd, nemlig, fordi sjøl om dei fleste mottar hundrevis av helsinga på akkurat den dagen, så er det mange der ute som ikkje har ein kvardag som er fylt med folk, liv og arbeid. Det er ikkje alle der ute som har eit sosialt liv eller ein stor arena å vera på. For dei kan det vera eit kjærkome avbrekk frå evig åleinetid å få ein drøss med gratulasjona på Facebook, om enn så kjapp eller kort meldinga er.

Eg tenker i alle fall slik. Me lever i ei tid der dei fleste av oss kjemper for å tid til alt, plass til det me vil, og mange av oss må prioritere hardt. I ein slik kvardag, blir det veldig ofte ikkje tid til å tenke på alle som kanskje treng det. Ein liten helsing på fjesboka kan gjera dagen, tenke no eg. Difor, sa eg til kollegaen, bruker eg litt tid på det kvar einskilde dag.

Ein treng ikkje sosiale nettstader for å gjera andre godt. Dette er og ei påminning, i alle fall for meg, på at eg bør ta kontakt med folk som kanskje treng det. Som blir glade av å høyre frå meg, stemma mi og få vete kva eg driv med.

Det er ikkje så lenge sidan eg mista den siste av mine besteforeldre. Han pleide eg å ringe til, besøke så ofte eg hadde høve. Ikkje berre trivdes eg svært godt med det, men eg veit at han sette stor pris på å få eit lite innblikk av min verden.

Etter at han forsvann, så har eg ikkje igjen så mange eldre der heime, av slekta, men mange der ute har det. Difor er det i denne spalta eg har høve til å gje eit lite vink.

Har du ei tante, ei bestemor eller ein eller annan perifer slekting, som du veit sit der heime med kaffien i skåla med sukkerbit i, så ta ein telefon når du har tid. Det koster så uendelig lite, men betyr så vanvittig mykje.

Du kan jo sjøl tenka deg eit tilvære der du ikkje snakker med nokon utanom han eller ho i kassa på butikken, som berre nikker og spør om du vil ha kvitteringa. Det er ikkje mykje til sosial omgang, men det er kanskje det einaste mange har med andre menneske å gjera.

Så dagens vesle hint: Ring til nokon du veit kunne trengt det. Ha ein fine dag.