Tenn fyrlys for Stad

– No brenn det raude lys for Stadlandet. Storbåre bryt, ikkje frå hav, men over land. Vindmøller vert no blikkfanget langs kysten der vardar, veter og fyr har synt farlei og varsla fare, skriv Anna Elisa Tryti. På bildet er Skongenes fyr. Foto: Werner Anderson/NTB

– No brenn det raude lys for Stadlandet. Storbåre bryt, ikkje frå hav, men over land. Vindmøller vert no blikkfanget langs kysten der vardar, veter og fyr har synt farlei og varsla fare, skriv Anna Elisa Tryti. På bildet er Skongenes fyr. Foto: Werner Anderson/NTB

Av

Verdifullt og ikonisk landskap vert øydelagt. Kven vaktar Stadlandet mot irreversible inngrep?

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Fire fyrlys har vakta Stad: Kråkenes fyr, Hendanes fyr, Ulvesund Fyr og Skongenes fyr. Trufast har dei varsla om fare eller trygg overfart for lokale og langvegsfarande sjøfararar.

No brenn det raude lys for Stadlandet. Storbåra bryt, ikkje frå hav, men over land. Gravemaskinar brøytar seg fram i urørt natur - i urgamalt myrlandskap, over haustfarga kystlyngheier. Verdfullt ikonisk landskap vert øydelagt – for alltid. Irreversibelt. Karakteristiske landskapsprofilar vert endra i synsranda der land møter hav. Vindmøller vert no blikkfanget langs vestlandskysten, der vardar, veter og fyr har synt farlei og varsla fare.

Noreg vart eit rike frå fjæresteinane langs vestlandskysten. Med utgangspunkt i Sogn styrte Harald Hårfagre sitt vestnorske erobringsrike. Skipsfart langs kysten og over hav i alle himmelretningar la gjennom hundreåra grunnlag for verdiskaping frå fisk til olje, frå handel til reiseliv. Dei fremste eksportfylka ligg langs vestlandskysten.

Den nasjonale merksemda for identitetsbygging har likevel vore tyngst i aust. Kystkulturen sin meir jamne sosiale struktur har ikkje med same sjølvsagde byrgskap fremja sjølvkjensle over eigne natur- og kulturressursar som austnorsk stabbursadel. Stabbur vert restaurerte, sjøbuer fell ned og fartøy rotnar og rustar. No veit vi at det er nett her nytt gull ligg, med småskala reiseliv og grøn verdiskaping – med respekt for natur- og kulturverdiar i botn.

Ingen kan i ettertid seie at vi ikkje visste betre. Fylkesmannen - med hovdingsmynde - har i vindkraftsaka på Stad levd opp til Språkrådets namneforslag Statens oppsyn, med kortforma Fylkesoppsynet. Han har halde oppsyn og sagt tydeleg i frå. Fylkesmannen og Miljødirektoratet gjekk mot vindkraftplanane då konsekvensrapporten om natur frå 2005-2007 var eintydig på at her var det trua natur av stor verdi.

Utbyggar laga tilleggsutgreiing som meinte at naturen var lite verdfull. Fylkesmannen varsla i 2013 igjen med malmtung røyst frå Leikanger. Den nye rapporten var uriktig og bygde på manglande kompetanse innan naturtypekartlegging og biologisk mangfald: «For naturtypar kan det dermed sjå ut til at den nye kartlegginga er meir villeiande enn avklarande. Ein har sett heilt vekk frå tidlegare kartlegging og basert verdivurdering berre på eiga synfaring, trass i at kompetansen tydelegvis ikkje har vore brei nok til å kunne gjennomføre ei slik verdivurdering.»

Trass i denne varslinga om mangelfull kompetanse og feilaktig kartlegging av naturverdi, gav Norges vassdrag- og energidirektorat konsesjon til vindkraftverket på Stad i 2013, og Olje- og energidepartementet har i 2015 lagt den same mangelfulle rapporten til grunn for sitt syn i saka.

OKLA Vindkraftverk er også frårådd av gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune, Miljødirektoratet og sjølvaste Riksantikvaren. «Fleire tusen år gammalt landskap vert øydelagt på grunn av ein uriktig konsulentrapport» har professor i biovitenskap ved Universitet i Bergen, Vigdis Vandvik, nyleg uttalt til NRK.

Sårbar og terrengdekkande kystnedbørsmyr, beite- og trekkområde for fugl, ei mengd raudlista artar, sauer og geiter må vike for landskap med gravemaskinar med tilførselsvegar og skarpe knivseggar i mølleblada for havørn- og kongeørn.

Kommunestyret i gamle Selje kommune støtta i 2008 vindmølleutbygginga, likeeins er prosjektet støtta av grunneigarane, men det er over 7000 medlemmer i folkeaksjonen «Nei til vindkraft på Stad». Langs heile kysten elles kjempar mange politikarar mot vindmølleparkar. Lokalbefolkninga veit at det nett er den urørte og storslåtte, mest endelaust samanhengande naturen som møter storhavet som fremjer nasjonalt og internasjonalt reiseliv – og ofte gjev ønske om tilflytting og investering.

Mange spør seg: Kva gjev dette tapet av natur- og kulturarv anna enn forteneste til utbyggarar? Kor mykje lokal verdiskaping vert att på Stad når største eigarandelen er italiensk eigd? Kva med rolla til Sogn og Fjordane energi, og kva med BKK sine planar om utbygging av andre vindmølleparkar?

Alternative energikjelder er viktig for klima og næringsutvikling. Men vi lyt finne løysingar der klimakampen ikkje fører med seg tap av biologisk mangfald og identitetsskapande natur- og kulturlandskap. Striden om vindmøller langs heile norskekysten er ein viktig prøve for dei mange kommunestyra som lyt ta framtidsretta val. Det er også ein prøve på om statleg hovudstadbasert byråkrati og nasjonale politikarar køyrer over lokaldemokratiet og sitt eige ansvar for nasjonale og internasjonale natur- og kulturverdiar.

Stortinget ventar på ny gjennomgang av konsesjonen til mellom anna OKLA vindkraftanlegg frå Olje- og energidepartementet. Likevel finn ikkje statråd Tina Bru heimel til å stanse gravemaskinene og vente til Stortinget har fått dei svara dei har bede om.

Kven vaktar Stadlandet for irreversible inngrep? Fyrlysa syner raud sektor med varsel om fare og øydelegging. Ikkje frå naturkrefter, men frå utanlandske selskap og nasjonale politikarar som ikkje set foten ned i tide.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken