Gå til sidens hovedinnhold

Tryggve Fett, Holberg-entusiasten – in memoriam

Tryggve let etter seg eit Holberg-tomrom som det vil ta år å fylla, om tomrommet i det heile let seg bøta.

Få har gjort større innsats i Bergen for å ta i vare, formidla og la seg inspirera av Ludvig Holberg som bysbarnet Tryggve Fett. Tryggve var ein ekte holbergianar i kraft av den omfattande biografiske kunnskapen hans om Holberg, hans skjønnlitterære og faglitterære innsikt i Holbergs storslåtte og vidfemnande skriftlege produksjon, hans overlegne evne til å leva seg inn i Holberg-tekstar og formidla desse til ein stor lesar- og tilhøyrarskare, hans evne til å setja Holberg inn i ein lokal, nasjonal, dansk-norsk og internasjonal samanheng, og ikkje minst evna hans til å aktualisera og føra kunnskapen om Holberg og Holbergs litterære livsverk ut over snevre faglege sirklar til eit breitt allmennpublikum.

Og ikkje berre det. Tryggve meistra sjølv langt på veg Holberg si eiga elegante språkføring og ledige penn i eit meisterleg moderne riksmål. Det var ein tydeleg Holberg-svip over Tryggve sine pennestrøk.

Som preses gjorde Tryggve Holbergklubben til eit sentrum for Holberg-entusiasme. Tryggve levde seg bokstaveleg tala inn i Holbergs skapnad ved fleire gonger å opptre som sjølvaste Holberg i ditto historisk påklednad.

Andre gonger opptredde Tryggve i holbergsk mundur med eigenproduserte tekstar i Holberg-stil og med Holberg-biografisk innhald. Tryggve var ein pådrivar bak Holberg-matinéane som i mange år vart framførde på Den Nationale Scene (DNS) til stor allmenn åtgaum. Matinéane var knytte til laurdagen nærast Holbergs fødselsdag den 3. desember. Den 3. desember var ein sentral merkedag for Tryggve ikkje berre på grunn av Holberg-matinéen på DNS, men også på grunn av festmiddagen på Holbergstuen og at Holberg-statuen i Vågsbunnen vart kransa denne dagen. I fleire år var desse tilstellingane nær knytte saman med ein Holberg-konsert framførd av Bergen Barokk og med tidsriktig musikk mellom anna av Holbergs komponistfavoritt Arcangelo Corelli.

På dei årlege turane til Holbergklubben, pilegrimsreiser kalla, i Holbergs fotspor – til Oxford, Dresden, Leipzig, Halle, Amsterdam, Rotterdam, Paris, Roma, Kristiansand, Søre Fron, Voss og København – var Tryggve sjølvskriven leiar. Hadde ein ikkje fått Holberg under skinnet før, fekk ein det på desse reisene. Tryggve ordna med avtalar, laga reiseruter og sende ut solid informasjon på førehand til deltakarane. Undervegs på pilegrimsreisene vart det arrangert seminar in situ på Holberg-relaterte lokalitetar.

Då sjukdomen den siste levetida reduserte arbeidskapasiteten, måtte Tryggve seia frå seg dei aller fleste verva sine, men deltakinga i Holbergklubbens styre heldt han fram med heilt til det siste.

Holberg var ei av dei kjæraste interessene Tryggve hadde. Berre knappe to veker før Tryggve Fett døde, var me saman med han, i Latinskolen ved Domkirken, Holberg sin eigen katedralskule, og drøfta komande Holberg-aktivitetar. Lite visste me då at Tryggve hadde så kort tid att. Me er i dag difor svært takknemlege for at Tryggve kunne vera saman med oss nokre gjevande Holberg-timar denne dagen.

Tryggve let etter seg eit Holberg-tomrom som det vil ta år å fylla, om tomrommet i det heile let seg bøta.

Me håpar og ynskjer at fruktene av Tryggve sin innsats for Holberg og Holberg-klubben kan førast vidare på ein respektfull og innsiktsfull måte.

Me signar Holberg-entusiasten Tryggve Fetts minne!

Kari Gaarder Losnedahl, Erik Næsgaard og Gunnstein Akselberg,

på vegner av Holbergklubben

Les også

Tryggve Fett er død

Kommentarer til denne saken