Eg vil rette ein takk til Birthe Skauby for innlegget i BA 26.10.22, der ho gjer opprør mot klesbransjens makt over oss. Ei makt som gjer oss alle til miljøsvin, «klimaversting» som ho skriv - i måten vi kler oss på, og at vi MÅ «bytte ut garderoben flere ganger hvert år».

I Nordhordland gjekk nyleg Ullveka 2022, den niande i rekkja. Det var mange kurs og fåredrag (foredrag med ull som tema). Her var brennaktuelle tema for klesopprørarar som Birthe Skauby. Mellom dei som delte kunnskap var filtmakar Karin Flatøy Svarstad og professor i klede og berekraft, Ingun Grimstad Klepp ved OsloMet. Begge arbeider med verdikjeda for ull og miljøforbetringar med langsame og lokale klede. Bruk av ull og utvikling av ull som ressurs er toppaktuelt for potensiell næringsutvikling i Vestland.

Her skulle Birthe Skauby ha vore! (Ingen frå lokale media var der heller). Her kunne vi høyre om berekraft og økologisk fotavtrykk til ulike tekstilar, og kor ufullstendige berekningane er som favoriserer polyester, sjekk m.a. uni.oslomet.no/klesforskning.

Punktvis kan eg oppsumere mitt kræsjkurs i ull slik:

Ull kan brukast til alt frå brudekjolar og smykke til isolasjon og gjødning

Ull kan brukast lengre mellom kvar vask og er lettare å vaske

Meir bruk av ullklede kan minske plastifisering og mikroplastforureininga.

Norsk ullkvalitet er i verdstoppen og etterspurnaden aukar

Produksjonen av norsk ull minkar!

Bønder sluttar med sauerasane som gir ull er i verdstoppen og går over til villsau som ikkje gir ull av same kvalitet.

Vestlandet har heile verdikjeda i produksjonen; beita, sauene, ulla, foredlinga, kompetansen, sluttproduktet, salet, men er truga av utviklinga i jordbruket.

Forbrukarane sin kunnskap om ull som ressurs er for liten

Difor dobbel takk! Til Ullveka 2022 som arrangerte Ullkonferansen. Og til klesopprørar Birthe Skauby som er ferdig med å vere miljøversting. Må ho få følgje av mange!