Gå til sidens hovedinnhold

Urettferdig at idretten må ta største støyten

Det er på tide at me seier meininga vår, for idrettsungdom fortjener å ha ei stemme i det offentlege rom.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

På nyåret kom regjeringa med nye retningslinjer. Styresmaktene sa dei skulle kome med lettingar for barn og unge, men gjorde det stikk motsette for meg og mange andre ungdomar. Idretten fekk oppdaterte reglar, og for oss skiløparar førte dette til kraftige innstramningar. Reglane førte til at Noregs skiforbund måtte avlyse alle arrangement og skirenn fram til 15. februar. Synest du Erna at me unge idrettsutøvarar skal ta hensyn og ikkje kunne konkurrere, medan dei vaksne kan gå på fest og drikke alkohol?

Frå november til midten av januar vart det arrangert mange skirenn rundt i landet, med få eller ingen smittetilfeller. På skirenn har det vorte delt inn i kohortar etter kor mange deltakarar som er med. På Geilo i romjula var det tre kohortar på eit skirenn, som eg og 450 andre utøvarar deltok på. Ein for dei i alderen 8-14 år, ein annan for alderen 15-18 år og ein tredje kohort for alderen 18+. Dette fungerte strålande. Om det hadde vore smitta personar på eit slikt utandørsarrangement, så hadde det knapt spreidd seg.

Her burde styresmaktene ha sett på smittetrykket i dei ulike fylka og take ei individuell avgjerd i kvar og eitt fylke. Når smitten er låg i Vestland, så bør dei få arrangere skirenn der, medan når smitten aukar kan dei heller avlyse. Då er kanskje smitten låg i Oslo, og då bør dei få lov til å ha konkurransar.

Les også

Vi unge trenger all støtten vi kan få gjennom pandemien

Det er fare for at motivasjonen til mange langrennsløparar rundt om i landet svekkast kraftig, når dei ikkje får lov til å gå skirenn i løpet av den korte sesongen skisporten har. Det kan gå utover den psykiske helsa til utøvarane. Når dei ikkje får konkurrere etter å ha lagt ned fleire hundre treningstimar kvart år, så er det svært frustrerande. Når skirenn gong på gong vert avlyst, så vert håp og glede omgjort til frustrasjon. Det kjennest svært urettferdig at styresmaktene har tillete alkoholservering medan idretten må ta smittevernstøyten.

Langrennssporten har gått framfor som eit godt eksempel, og avlyst skirenn på skirenn for å bidra til dugnaden. Eg vert usikker på om den grenselause lojaliteten er den rette strategien. Det er på tide at me seier meininga vår, for idrettsungdom fortjener å ha ei stemme i det offentlege rom. Til slutt vil eg seie at eg forstår at også langrennssporten må vere med på dugnaden, men det finst grenser!

  • Hvordan har det siste året vært for deg? Send ditt innlegg til debatt@ba.no

Les også

Alt vi gleder oss til avlyses

Kommentarer til denne saken