Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Bergen er Byen med stor B for dei aller fleste i Vestland. Det er ingen utfordrar. Tar ein med heile Vestlandet, er kanskje Stavanger ein utfordrar. Truleg er det ein av grunnane til at samanslåing med Rogaland grunnstøytte.
Historisk har Bergen hatt ei svært sterk stilling langs heile kysten, langt utover eige fylke, og også utanfor landegrensene. Men på eit tidspunkt har Bergen begynt å tvile på seg sjølv. Og kanskje heller samanlikne seg med Oslo og andre hovudstader, enn å dyrke eigne styrkar.
I staden for å bygge der ein er sterk og kan ha ei viktig rolle, drøymer ein om å konkurrere med Oslo. Det er nok å sjå på veg-prioriteringane inn mot Nasjonal Transportplan (NTP). Vi er meir opptekne av å sikre fleire aust-vest-vegar, enn å styrke internt samband langs kysten.
NR. 2: Verdens minste verdensdel
Barcelona, Rotterdam, Porto, Milano, Manchester, Brugge ... Bergen? En rekke internasjonale «nummer to»-byer har aktivt brukt statusen sin som «noe annet enn hovedstaden» til å gjøre byen mer attraktiv kulturelt, identitetsmessig og økonomisk.
Nå vil BA, gjennom debattsatsingen NR. 2: «Verdens minste verdensdel», ha alle som bryr seg om Bergen med på debatten om hvordan byen kan tenke større, skape mer verdier og glede, og få ut potensialet som vi vet byen har. Bli en bedre «nummer to»-by for Vestlandet, kysten og nasjonen.
Hvordan forvalter Bergen posisjonen sin som nummer to? Hvordan kan Bergen på den ene siden få til noe uten å være avhengig av sentralmakten, men på samme tid nå bedre opp i den nasjonale politikken? Hvordan kan vi snakke mer om Bergen og mindre om Oslo? Hvordan kan Bergen være «nokke for seg sjøl» uten å ha «nok med seg sjøl»? Hvilke byer kan Bergen lære av?
Eller som Ole Paus sa det: Hvordan kan Bergen være «verdens minste verdensdel» til beste for byen og verden.
Vil du være med? Send oss et debattinnlegg, en video eller et tips.
Det at Bergen ikkje har samla seg i sterk støtte for ein (mest mogleg) ferjefri, samanhengande og god E39 langs kysten er ein strategisk tabbe, fordi det er der vekstpotensialet ligg. Både mot Stavanger, men også gjennom Sogn og Fjordane og opp til sterke næringslivsmiljø på Sunnmøre.
I staden har intern usemje på vestlandet gitt lett match for sentrale område kring hovudstaden. Og i det store biletet er det slik at der pengane blir investert, der flyttar folk. Og dit folk flyttar, vil spiralen gjere at endå meir av felles pengar vert kanalisert. Til dømes gjennom kommunane sitt inntektssystem som i stor grad premierer folkevekst.
Når vi i tillegg har ei regjering som gjerne skriv ut ekstraskattar på eit livskraftig distrikts-næringsliv som havbruk og kraft, så er ringen slutta. Den kapitalen som elles kunne brukast i private investeringar for å bygge opp mot manglande statlege, blir også avkorta.

Reddar regjeringa frå pinleg «nybegynnarfeil»
Satsing på infrastruktur er store investeringar. Og dei er til dels politisk bestemte. Berre tenk på kor viktig avgjerda om bygging av Mongstad har vore for Vestland. Samferdsle er ei viktig satsing fordi det bind saman næringsliv og distrikt. Motstanden mot E39 og Hordfast blir ganske perspektivlaus, sjølv i klimasamanheng.
For det er dei færraste av motstandarane som ikkje vil bygge veg. Men vegen bør heller gå ein annan stad. Som ein ny arm frå Bergen til E134, for igjen å sikre endå ein raskare veg austover.
Vi må vel alle skjøne at investeringane og drifta innanfor akademia, kultur og helsevesen må skje der det bur mest folk?
Trude Brosvik
Bergen har, etter mi meining, meir å vinne på sterkare samling langs kysten enn å få endå ein betre veg austover. Viss eg var region-politikar austpå, så ville eg jubla for ei slik haldning, fordi den bygger opp under kor viktig Oslo er, og kor rett det er at dei største offentlege satsingane skjer der. Ikkje berre for meir veg og bane, men også for betre nettkapasitet.
Og når desse store investeringane skjer rundt Oslo, så må vi vel alle skjøne at meir av investeringane og drifta innanfor akademia, kultur og helsevesen må skje der det bur mest folk?
Eg tar ikkje til orde for at Bergen og Vestland skal bli eigen og sjølvgod «republikk», men at vi større grad bygger på eigen styrke. I denne samanhengen var arbeidet rundt «One Ocean Expedition» og seglasen til Statsraad Lehmkuhl eit godt grep. Det same er satsinga på Havbyen Bergen. Det bygger på eigenart og gjer oss stolte. Og det er rett fokus inn i ei verd som har store utfordringar som må løysast i fellesskap.
At det blir lagt inn snublesteinar med at ferdig utflytte arbeidsplassar ved Fiskeridirektoratet ikkje vert nytta til å lage eit nasjonalt og sterkt fagmiljø, men skal spreiast utover, er irriterande. Men det må ikkje ta fokuset vårt. Vi må, sjølv om regjeringa ikkje klarer å sjå det store biletet, halde fast på trua og viljen til at dette fagmiljøet høyrer til i Bergen.
Poenget mitt med dette innlegget er å understreke kor viktig Bergen er for Vestland, kor viktig fylket er for Bergen, og kor mykje vi har å vinne på å stå saman om dei prioriteringane vi gjer ut frå eigenart og fortrinn. Interne omkampar er det berre andre som tener på!

Vestlandsidentiteten er skjør

Bergen står på eigne bein
