Du synest gjerne at overskrifta ber bod om fordums tider? Det synest eg også. Men eg veit ikkje kva eg elles skal kalla det. Koronavaksinar er i dag ei slags privat handelsvare som gjer at dei som kan betala, dei får vaksinar. Dei fattige landa «får» vaksinar som ei slags veldedighet/velgjerd frå rike land.

I botn ligg det at koronavaksinar i dag er verna av patentrettar. Det hindrar andre enn selskapet som eig patentet i å produsera vaksinen. Du kan spørja om det ikkje er rettvist at selskapet som har utvikla vaksinen også skal ha einerett på å selja vaksinen. Men så enkelt er det ikkje. Ofte ligg det store offentlege og ikkje-kommersielle pengar bak å utvikla medisinar. Like før mål i utviklinga kjem private selskap inn og «kommersialiserer» medisinen – og håvar inn superprofitt.

Profittraten innanfor medisinbusiness er mykje høgare enn profitten for dei fleste varer. Eg meiner å hugsa at stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson nemnde på ein profittrate på godt over 20 prosent. Det er vanvittig mykje.

Medisinbransjen er rå når det gjeld å sikra profittmarginane sine. Heilt rå. Og dei har mykje makt. Prisen dei forlangar for nyutvikla medisinar gjev langt fleire enn norske styresmakter grå hår i hovudet. Det kan gjelda kreftmedisinar – eller Spinraza, den einaste medisinen som så langt ser ut til å verka mot Spinal muskelatrofi. Og det gjeld sjølvsagt koronamedisin.

I fjor fremja Sør-Afrika og India eit såkalla «waiverforslag» i Trips-rådet i Verdas handelsorganisasjon (WTO) om å oppheva patentrettar for koronavaksinar og andre produkt knytte til koronaepidemien. Dei andre produkta det er tale om, er verneutstyr, diagnoseutstyr og eventuelle medisinar mot covid-19. Det var Klassekampen som skreiv om saka for kort tid sidan. No har Trips-rådet starta «tekstbaserte diskusjonar» om dette waiverforslaget. Diskusjonane skal gå fram til eit WTO-møte i juli.

Legar utan grenser seier det er oppmuntrande å sjå at land endeleg startar å bevega seg og diskutera tekst – etter åtte månader utan framgang. Det er fleire land som held igjen og forseinkar debatten, særleg EU, Storbritannia og Sveits.

Når det gjeld EU, kan kampen for patentfritak notera seg nyleg framgang: Medan EU-kommisjonen framleis går mot waiverforslaget, har EU-parlamentet torsdag for knapt to veker sidan vedteke ein resolusjon som støttar forslaget. Legar utan grenser fryktar at kommisjonen ikkje vil lytta til EU-parlamentet. Erlend Grønningen, norsk lege og feltarbeidar i Legar utan grenser, seier i Klassekampen at dette er eit steg i rett lei, men at det er langt fram til å få eit samrøystes vedtak i Trips-rådet: «Hvis waiverforslaget hadde blitt vedtatt i fjor høst, ville mange land i det globale sør nå vært kommet langt i å produsere egne vaksiner. Vi har hele tida sagt at å vedta waiveren ikke vil føre til økt vaksineproduksjon over natta. Vesten har vært med på å forsinke prosessen.»

Les også

Ventetiden er over. Her får BA-journalisten vaksine-stikket.

Ja, det har Vesten sanneleg vore. Vesten har verna om medisinindustrien og kjøpt opp vaksinar og medisinsk utstyr til sine eigne innbyggjarar. Under 15 prosent av dei 2,3 milliardar vaksinane som er sette globalt har gått til menneske i låg- og mellominntektsland. G7-landa, som nyss har vore samla til toppmøte i England, har varsla at dei er samde om å utvida den globale kapasiteten for vaksineproduksjon og skaffa minst ein milliard dosar koronavaksinar til heile verda.

Erlend Grønningen i Legar utan grenser er berre så måteleg nøgd: «Ein løyser ikkje ein pandemi via bistand,» seier han og meiner det er på høg tid at Vesten vel å høyra på folkevalde i det globale sør når dei seier kva dei treng for å nedkjempa pandemien. «Å gi patentfritak handler om å gi folk verktøy til å handle lokalt,» seier han til Klassekampen og legg til at det også er mykje geopolitikk i spørsmålet om donasjonar.

Kina og Russland har donert raust med vaksinar og medisinsk materiell til land i sør. Då president Joe Biden varsla at USA skulle gje 500 millionar vaksinedosar, avviste han at dette handla om å bruka donasjon som eit diplomatisk våpen. Rådgjevarane hans sa likevel til New York Times, skriv Klassekampen, at dette handla om å gje ein mektig demonstrasjon av at demokrati, ikkje Russland og Kina, er i stand til å reagera på kriser i verda og kan gjera det både raskare og meir effektivt.

Les også

Koronaviruset varer evig

Vert det levert 1,8 milliardar dosar til låg- og mellominntektsland i 2022, betyr det ein dekningsgrad på 30 prosent. Det viser fram ein grell røyndom, kapitalismens og kolonialismens jarngrep over fattige land. Jamvel i koronapandemien.

Ingen er eigentleg trygge for koronaen i alle dens mutasjonar før alle er trygge. Men sjølvsagt leier Vesten med fullvaksinerte innbyggjarar på alle andre. Og Vesten har halde si hand over den super-profitterande medisinindustrien så lenge som i det heile råd. I rå eigeninteresse. Slik ter (tidlegare) kolonimakter seg. Det er ikkje pent å vera vitne til. Så har då heller aldri kolonialismen vore anna enn grell og grim, i gammal eller ny utgåve.

Les også

En midlertidig adel er sluppet løs i Norge