Sunnhordland: Vinnarar og taparar

LOKALVALET er over for denne gongen, og sjølv om ikkje alle detaljar er klare, så byrjar kabalen for kommunestyra dei neste fire åra å verta klar. Framleis er det nokre rundar som må gåast i ein del kommunar før ordføraren er klar, men ser ein på resultatet av valet, ligg det an til at Odd Harald Hovland (Ap) held fram i Bømlo, Wenche Tislevoll (H) i Fitjar og Kjetil Hestad (Ap) i Tysnes.

I KVINNHERAD vert det garantert ny ordførar, sidan Synnøve Solbakken gir seg. Her har duellen stått mellom Johnny Håvik (Ap) og Peder Sjø Slettebø (H). Legg ein valresultatet til grunn, så skal det mykje til om ikkje Slettebø må leggja kjevle og forkle frå seg dei neste fire åra. I Stord ligg det an til maktskifte, sidan Ap gjorde eit brakval, medan Høgre fekk juling. Dermed er det duka for at Harry Herstad tek over for Liv Kari Eskeland.

Elles er det interessant at to av nykommarane, Miljøpartiet Dei Grøne og Stordlisto, begge gjorde gode val på Stord.

Ansvarlig redaktør i Mediehuset Sunnhordland, Magne Kydland.

HØGRE har med dette mista makta i alle dei største kommunane langs aksen frå Stavanger i sør til Bergen i nord, og me ser ikkje bort frå at alt bråket i Bergen, saman med regjeringsslitasje, har spelt inn. I Stord er det nok ein del veljarar som ikkje har gløymt at Høgre innførte eigedomsskatt ikkje så lenge etter førre val, trass i at dei gjekk til val på at dei skulle klara å snu økonomien utan den upopulære skatten. Det klarte dei ikkje, og må betala prisen for det.

ELLES er det interessant at to av nykommarane, Miljøpartiet Dei Grøne og Stordlisto, begge gjorde gode val på Stord. Dette tolkar me som ein liten protest mot dei etablerte partia. At talet på blanke røyster er like stort som oppslutnaden til det minste partiet, De kristne, tolkar me også som ein protest. Protest er lov, men det som skremmer oss er at den store vinnaren i årets val, både på landsbasis og i alle våre kommunar, unnateke Fitjar, er «Heimesitjarpartiet». Det er ei demokratisk utfordring nokon og einkvar må ta på alvor.

RESULTATER SUNNHORDLAND

 

 

Indre Hordaland: Den grøne jobben startar no

Då dei fyrste valmålingane kom var det nyss før taket letta på Miljøpartiet Dei Grøne si valvake. Dei låg ei tid på valkvelden an til å debutera i kommunestyret med fire representantar. Men så trekte bylgja seg attende. Likevel er det klart at den grøne bylgja som starta i Tyskland for snart 30 år sidan, og etterpå har feia over fleire europeiske land, også har nådd Voss.

Men om den grøne bylgja slo godt innover Vangen har endå meir vatn gitt Arbeidarpartiet fart og slagkraft. Ap har gjort eit særs godt val på landsbasis. Etter fire år med ein populær ordførar ved makta har partiet lokalt gjort det endå skarpare.

Lokalt gjorde Høgre tidenes val lokalt for fire år sidan. Iril Schau Johansen og hennar blå vener gjorde eit kraftig tilbakesteg denne gongen. likevel har Høgre på Voss gjort eit bra val. I litt lengre perspektiv er seks mandat i kommunestyret eit godt handslag til den politikken Schau Johansen og resten av gruppa har fronta dei siste åra. Fremstegspartiet på si side har ikkje mykje å gle seg over, med ei halvering i oppslutnaden. Det kan vera høgrevinden frå sist lokalval er svekka. Men etter to år med blå-blå regjering er det like naturleg å tenkja at den svekte støtta til dei blå kameratane lokalt handlar om regjeringsslitasje.

Garantiar for Voss sjukehus har ikkje gjort større inntrykk på veljarane enn eit kraftig stemmetap.

Elin Madsen, redaktør Avisa Hordaland.

Den store taparen lokalt er Venstre. Etter å ha markert seg i kvar einaste sak i kommunestyret i perioden som no er slutt, har veljarane kvittert. Garantiar for Voss sjukehus har ikkje gjort større inntrykk på veljarane enn eit kraftig stemmetap. Og i neste periode vil tre venstrefolk, ikkje fem, slåst om merksemda i makta sin sal.

Den veljarane har trykt til sitt bryst er ordføraren. I sin fyrste periode har Hans-Erik Ringkjøb klart å vera ordførar også for vossingar som ikkje er bekjennande sosialdemokratar. Det er vanskeleg å finna andre forklaringar på suksessen som er endå sterkare lokalt enn på landsbasis. At partnarane i den lokale raudgrøne alliansen også gjer eit sterkt val, styrkjer alliansen. Og vil gjera det tilsvarande tøft for andre parti å slå gjennom i lokalpolitikken.

Der ligg også den største utfordringa for Miljøpartiet Dei Grøne og for Lillian Rogne som no susar inn i politikken med frå null til to plassar. Det finst mange døme på at små parti markerer seg som ei tydeleg stemme i politikken, men det stiller store krav. MDG må no markera seg tydeleg. Alternativt kan dei no stå fram som eit talerøyr for grøne tankar, utan reel påverknad. Me vonar det ikkje vert slik.

RESULTATER INDRE HORDALAND:

 

 

Nordhordland: Den største vinnaren – til no

Øyvind Helland Oddekalv (Ap) er den største valvinnaren i Nordhordland. Spørsmålet er om han maktar å utnytta resultatet til å koma i posisjon.

Det gjenstår fortsatt ein del forhandlingsrundar på bakromma før vi har alle resultat og konsekvensar av valet i Nordhordland og Gulen, men dei største vinnarane er klare. (Da denne kommentaren ble skrevet var det uklart hvem som skulle bli ordfører, nå er det klart at det blir Øyvind Helland Oddekalv, red. anm.)

Ein vinnar det er umogleg å koma utanom er Øyvind Helland Oddekalv (Ap) i Meland. Mange trudde kanskje Nils Marton Aadland (H) sat trygt som ordførar, men det viste seg å ikkje vera tilfelle. Ap og Oddekalv gjekk fram med heile 7,2 prosent til 25,2 prosent. Dermed får dei sju mandat i kommunestyret og vert klart størst. Spørsmålet er om han maktar å utnytta resultatet til å overta ordførarkjedet. Det er enno ikkje avklara. 

Om det ikkje er ei bombe, så er det i hvert fall ei stor overrasking at Aadland må tola ein så kraftig tilbakegang som seks prosent. Med det blir han ein av valets to største taparar i Nordhordland.  

I Meland var det også knytt spenning til det nye partiet Bygdelista Folkeviljen, som har vore svært offansive i media gjennom heile valkampen. Partiet kom inn med ein representant og er i hvert fall ein liten vinnar i Meland-politikken. Politisk gjennomslagkraft blir det nok mindre av dei neste fire åra.

Lært av Søviknes?

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes visste vi var populær og valresultatet er umogeleg å mistolka.  

Tidleg på valkvelden uttalte ho til Avisa Nordhordland at ho ville vera fornøgd med ein oppslutnad på 25 prosent, noko som ville vore om lag to prosent mindre enn ho fekk ved førre val.

Norske poltikarar har vegra seg for å koma med slike uttalelsar sidan Thorbjørn Jaglands famøse 36,9. Det kunne fort blitt slik for Astrid Aarhus Byrknes også om veljarane hadde svikta, men det gjorde dei ikkje. Så definitivt ikkje!

At Ap står sterkt i Austreheim visste vi. I løpet av dei 20 siste åra har dei hatt ordføraren i 16 av dei.

Trond Roger Nydal, redaktør og daglig leder i Avisa Nordhordland

Oppturen held nemleg fram for KrF-dama og partiet hennar bikka 28 prosent, 1,9 prosent opp frå 2011-resultatet. Årets resultat er tangering av tidenes beste KrF-resultat i Lindås, frå 1975. Det er sterkt i den største kommunen i Nordhordland med over 15 000 innbyggjarar. Kanskje har ho lært oppskrifta av Terje Søviknes i Os?

Før midnatt kunne Avisa Nordhordland avsløra at ho no inngår eit breidt samarbeid med Ap, Sp og Venstre. Høgre og May Eva Sandvik som har vore fast samarbeidspartnar dei siste fire åra er parkert på sidelinja. I politikken skiftar til og med KrF-arar partnarar.

Dermed går Aarhus Byrknes på sin tredje ordførarperiode. Ein slik standhaftighet er veldig sterkt med tanke på at ho var heilt fersk i politikken då ho kom inn for åtte år sida. Ho er folkeleg og samarbeidsorientert. Det er truleg hovudforklaringa på at ho sit i posisjon og ikkje opposisjon.

Ap-bastionen Austrheim

Stemninga er minst like god i Ap-leiren i Austrheim, der sitjande ordførar Per Lerøy gjorde eit brakval. Oppslutnaden er heile 43,5 prosent, langt større enn Aarhus Byrknes har i Lindås. Framgangen er også prosentvis større, men så skal vi vera klar over at kommunen er langt mindre.

Lerøy var fornuftig og lot jubelen liggja då dei første signala kom basert på førehandsrøystene, men seinare på kvelden var all tvil feid til sides. Det må kjennast ekstra godt for Austrheim-ordføraren, som har måtta tola krasse skuldingar i media om mobbing i opptakta til dette valet. Det kunne slått feil ut, men veljarane har i hvert fall ikkje tatt omsyn til dette når dei gjekk til urna.

At Ap står sterkt i Austreheim visste vi. I løpet av dei 20 siste åra har dei hatt ordføraren i 16 av dei. No nyt partiet ein oppslutnad det er bastion-nivå over. Ja, Austrheim er på høgde med velkjende industrisamfunn på Vestlandet som Årdal og Odda.

Populær Høgre-mann

I Masfjorden er det også ein klar vinnar. I eit valår der Høgre slit på alle frontar og taper så det syng nasjonalt, gjer Karstein Totland eit brakval og aukar oppslutnaden med 6,2 prosent. Det handlar ein del om politikken, men truleg vel så mykje om hans folkelege og godt likte stil.

No går han laus på sin andre periode og kjem til å fronta Masfjordbrua som si store hjartesak, brua som bind saman dei to delane av kommunen. Kommunesamanslåing med næraste nabo Gulen blir også ei viktig sak framover i ein kommune som ikkje har dei heftigaste kampsakene internt.

Det har dei heller ikkje på Fedje, her vi finn den andre store taparen ved dette valet. Etter to periodar og åtte år er det over for og ut for Kristin Beate Handeland (Ap) som ordførar. Ein tilbakegang på 10,6 er eit kraftig signal frå Fedje-folket om at ein ønskjer skifte. Krf går mest fram, men det er Høgre og Stian Herøy som er største parti og som kan gjera krav på ordføraren. 

Herøy seier til Avisa Nordhordland at han trur resultatet er eit ønskje om meir gjennomslagskraft. I den grad Fedje har det, bør han bruka tida si svært godt. Med den Ap-vinden som bles over landet no, er det ikkje gitt at han kan nå opp til Erna på toppen av statsapparatet om to år.

Vi skal heller ikkje gløyma at Senterpartiets to ordførarar, Jon Askeland på Radøy og Hallvard S. Oppedal i Gulen, gjorde gode val. Askeland må riktig nok konstatera at partiet går noko tilbake, men med 34,5 prosent på «kontoen», har den tidlegare Felleskjøpet-direktøren nok å tære på utan at det er krise. Senterparti-folk plar vera gode til å tære på reservane.

RESULTATER NORDHORDLAND

Valg 2015 - Radøy 

Valg 2015 - Austrheim