Denne veka innvia politikarane det nye parlamentet på Vestlandet. Verken meir eller mindre.

Det er ikkje så mange som har fått det med seg. Det er rett og slett ikkje så mange som bryr seg. Særleg ikkje i Bergen. Du må nemleg vera frå Sogn og Fjordane eller Finnmark om du skal føla på noko som kan minna om ømme og romantiske kjensler når du får høyra ordet fylkeskommune.

Vestlandshuset, som har erstatta den utskjelte brunosten på Vestre Strømkai, er like fullt ein del av nasjonsbygginga til Vestland fylkeskommune. Ei nasjonsbygging som mange håpar at skal mislykkast, men som me faktisk burde gje ein sjanse.

Timinga for opninga kunne ikkje vera betre. Den snøkledde silhuetten av Ulriken gjorde at Bergen i aller høgaste grad var til stade – iallfall visuelt – då den første politiske debatten fann stad. Politikarane var òg motiverte – kva var betre enn å innvia Vestlandshuset med ein debatt om ein av dei store snakkisane om dagen: Sjølvaste vestlandsopprøret.

Me må stoppa litt ved dette vestlandsopprøret. Dette underlege fenomenet som er forsøkt brølt i gang av dei aller mest privilegerte, i ein av dei aller mest privilegerte landsdelane, i det aller mest privilegerte landet i verda.

Det er ikkje synd i oss. Det kler ikkje vestlendingar å sutra. Det er ikkje dermed sagt at alt er slik det burde vera. Så langt ifrå.

Det som eigentleg er problemet, er at Vestlandet generelt, men særleg hovudstaden på Vestlandet, altså Bergen, i ei årrekke har vore heilt ute av stand til å stå opp for seg sjølv i møte den norske sentralmakta.

Hadde det ikkje vore for ein sjølvutnemnd marxist frå Nøstet, ved namn Audun Lysbakken (SV), og ein traust venstremann frå Ulvik, som dei færraste ville ha kjend att på gata (han heiter Terje Breivik (V) og vart trass enorm innsats kasta av sine eigne på nominasjonsmøtet i Hordaland), hadde Bergen sete igjen med null og niks, uavhengig av om statsministeren heitte Støre, Solberg eller Stoltenberg.

Joda, lakseskatten og næringspolitikken til regjeringa har sine problematiske sider, men me bør òg sjå litt på oss sjølv.

Først tilbake til Vestlandshuset og Vestlandsparlamentet:

Det er sagt mykje stygt om fylkeskommunen opp igjennom åra. Forvaltningsnivået ingen bryr seg med. Stemmeseddelen folk legg i urna berre fordi dei likevel hadde eit anna ærend i vallokalet. Særleg i Bergen, kanskje.

Det Bergen i liten grad har forstått, er at Vestland faktisk bryr seg meir om Bergen enn nokon andre. Eigentleg meir enn Bergen eigentleg har gjort seg fortent til. Utruleg nok, har denne fylkeskommunen påført seg sjølv den største gjeldsgrada i heile kongeriket, for å investera i Bergen.

Tre nye vidaregåande skular på Nygårdstangen, i Fana og i Åsane. Totalrenovering av ein fjerde på Danmarks plass, og ein femte midt i sentrum. Og Bybanen, då. Kvifor i alle dagar skal politikarar frå Etne, Kvinnherad og Austrheim stå last og brast med bybaneprosjektet, når Bergen har så vanskeleg for å landa på kor traseen bør gå?

Dei har òg gjort seg upopulære med å legga ned tannklinikkar i eigne kommunar for å bygga opp eit sterkare fagmiljø i Bergen.

No har fylkeskommunen bygd eit nytt signalbygg midt i Bergen; Vestlandshuset. Vestlandsparlamentet, vil eg kalla det.

Det handlar om at oppegåande fylkespolitikarar faktisk forstår kor viktig byen er for at Vestlandet skal lukkast. Ikkje fordi dei er snille, men fordi Bergen er viktig for lokalsamfunna dei kjem frå. Sjølv om politikarane no kjem heilt frå Selje, Årdal og Gulen, ser det ikkje ut som om Bergen har vorte mindre viktig for dei.

Det Bergen i liten grad har oppdaga, er òg at fylkesordføraren i Vestland faktisk er ein av dei aller viktigaste talspersonane byen har inn mot sentralmakta.

Bergen kunne knapt ha brydd seg mindre. Det gjeld òg oss i avisene i byen.

Eg er ikkje så teit og naiv at eg trur at alt er løyst, berre Bergen interesserer seg litt meir for fylkeskommunen. Men på den andre sida: Om du ikkje brukar dei kanalane du faktisk har for å påverka, bør du ikkje vera den første til å klaga.

I Sogn og Fjordane vart fylkeskommunen brukt aktivt for å vinna fram nasjonalt. Har det slått deg kvifor hovudvegen mellom Bergen og Oslo går om Lærdal?

Strategiane Bergen har brukt for å nå opp på den nasjonale radaren har dei siste tiåra vore høgst variable. Ei stund ropte ein høgt. Monica Mæland (H) dreiv med verbal filleristing av regjeringa, fordi Bergen ikkje fekk nytt politihus, men greidde ikkje å fiksa det då ho sjølv vart justisminister. Dag Skansen, frå same parti, utpeikte fylkesmann Lars Sponheim som ein fiende av Bergen. Etter kvart tok byen ei meir sedat rolle. Prøvde å senda høflege vink over fjellet. Hei folkens! Me eksisterer, altså. Arbeidarpartiet lokalt vil ikkje ein gong ut med kven dei meiner bør sitta i leiinga av partiet.

Ingen av strategiane ser ut til å funka. På Stortinget vert sjølv dei aller skarpaste bergensarane til pliktoppfyllande verdsborgarar som tek til takke med å sitta i kontroll- og konstitusjonskomiteen. Ikkje det at det ikkje er viktig. Ikkje det at dei ikkje er flinke. Men det er ikkje den beste posisjonen om du skal stå opp for dine eigne veljarar.

Bergen må i større grad stå opp for seg sjølv og fronta Bergen si sak.

Ein av dei talarstolane er no plassert midt i Bergen sentrum. Om Bergen tek den i bruk, kan han verta langt viktigare enn i dag.

Om ein på død og liv skal laga eit vestlandsopprør, burde vestlandsparlamentet vera ein god plass å starta.