Gå til sidens hovedinnhold

Vi inviterer regionen til samarbeid om morgondagens utfordringar

Vi kan ikkje løyse dei store samfunnsutfordringane utan tverrfagleg samarbeid på tvers av forsking, samfunns- og næringsliv.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I den innleiande debatten fredag 19. februar mellom dei to teama som stiller til rektorval ved UiB spurte byrådsleiar Roger Valhammer kva dei to teama vil gjere for å hindre hjerneflukt frå Bergen. Rektorkandidat Oddrun Samdal og hennar team meiner at eit tettare samarbeid mellom universitetet og arbeidslivet er naudsynt for å førebu Vestlandet på morgondagen sine utfordringar. Desse utfordringane handlar om grøn omstilling, eldrebølga og utviklinga av eit ansvarleg og berekraftig samfunn.

Fleire utfordringar som vi ikkje kjenner i dag vil òg komme til. Vi kan ikkje løyse dei store samfunnsutfordringane utan tverrfagleg samarbeid på tvers av forsking, samfunns- og næringsliv.

Universitetet i Bergen både forskar og utdannar kandidatar innanfor eit breitt spekter av human-, samfunns- og naturvitskaplege fag, i tverrdisiplinære fag, og i meir spesialiserte område som språkfaga, profesjonsfaga og ikkje minst helsefaga. I tillegg til sin fagleg kompetanse, har alle kandidatane vi utdannar analytiske evne og ei vitskapleg tilnærming som er viktig for ein heilskapleg tilnærming til dei globale samfunnsutfordringane.

I lys av regjeringa si melding om arbeidslivsrelevans, ønsker vi som rektorteam å arbeide for at kandidatane våre stiller med den kompetansen som trengs for å utvikle eit etisk og ansvarleg samfunn, og at dei og arbeidslivet er merksame på korleis utdanninga førebur dei praktisk på arbeidslivet. Vi ønsker òg at fleire studentar i løpet av studiet skal få høve til å arbeide med autentiske oppgåver som reflekterer dei problemstillingane som samfunns- og næringslivet jobbar med enten gjennom praksis, caseoppgåver eller ved at arbeidslivsrepresentantar deltar i undervisninga.

Som rektorat vil vi òg vidareutvikle dialogen mellom forskingsmiljø og samfunns- og næringsliv. Gjennom kunnskapsklyngene har UiB allereie eit breidt samarbeid med regionalt arbeidsliv. Klyngestrategien inneber å legge til rette for nyskapande kunnskapsutvikling og innovasjon gjennom at UiB går inn i samarbeid med eksterne partnarar innan alle sektorar der ein samlokaliserer aktivitet knytt til område der UiB allereie har høg internasjonal kvalitet. UiB si klyngesatsing omfattar medieklynga i Media City Bergen og helseklynga på Alrek, den marine klynga på Marineholmen, ei klimaklynge og ei energiklynge under utvikling på Nygårdshøyden og ei middeldalderklynge.

Klyngesamarbeidet handlar både om forsking og om utdanning, der innovasjon har ei sentral rolle. Regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning peiker på at innovasjon bør bli betre integrert i utdannings- og forskingsaktiviteten fordi dette kan skape betre læringsarenaer og nye høve for entreprenørskap. Her skal universiteta og høgskulane ha ei tydeleg rolle lokalt og regionalt. For oss er innovasjon ikkje berre kommersialisering, men nye måtar å omsette forsking og kunnskap på. Derfor ser vi nye former for samarbeid, som til dømes klyngene, som ei form for innovasjon som kan skape nye idear.

Dette har vi erfart i stort mon både i Media City Bergen og Alrek Helseklynge. Her ser vi at det er viktig at klyngene er ein tverrfagleg og tverrdisiplinær strategi som ikkje berre famnar om realfaga og praktisk orienterte fag, men òg om dei human- og samfunnsvitskaplege faga samt kunstfaga.

Samarbeid er eit kraftig verkemiddel for å akselerere berekraftig kunnskaps- og næringsutvikling. På vegne av studentane våre må vi raskare enn planlagt jobbe for å skaffe morgondagens grøne arbeidsplassar. Universiteta har eit viktig samfunnsansvar, ikkje minst for å gi studentane rett kompetanse og eit arbeidsliv å gå til i ei tid prega av eit behov for samfunnsomstilling. Samarbeid fungerer ofte best dersom ein trekker ut det beste av seg sjølv og sin sektor i møte med ”dei andre”, men det fungerer endå betre dersom ein har eit fokus og konkurrerer mot miljø andre stader i verda.

Å tiltrekke og utvikle talent vert ofte utpeika som den viktigaste enkeltfaktoren for å lukkast med å nå resultat.

Deling og bruk av felles teknologi, kunnskap og infrastruktur er viktig. Og ikkje minst å ha ein klar strategi, evne til å vidareutvikle denne og i fellesskap framsnakke samarbeidet og dei måla ein vil oppnå.

Leiing, tilrettelegging, evne til å fatte vedtak, og arbeidsform, må heller ikkje undervurderast for å sikre eit godt samarbeid. Delingskulturen er vel etablert på ei rekke andre område, men vi må òg i samspel arbeide for å skape ein delingskultur òg innan deling av kunnskap.

Dersom vi blir UiB sitt nye rektorat, vil vi invitere samfunns- og næringslivet i regionen til samarbeid om nødvendig samfunnsendring. Er samfunns- og næringslivet klare til å førebu Vestlandsregionen på morgondagen saman med oss?

Kommentarer til denne saken