Vi senkar fana for Kenneth Larsen

– Vi snufsar. Vi tørkar tårene. Vi knyter nevane i Kenneth si ånd. Vi tek fram FO-fana, vi rullar den nøye                                       ut, vi fester sørgjefloret og rettar fana opp. Så senkar vi fana – i takk, i respekt og kjærleik for ei kjempe av ein kamerat. Foto: Fellesorganisasjonen Vestland

– Vi snufsar. Vi tørkar tårene. Vi knyter nevane i Kenneth si ånd. Vi tek fram FO-fana, vi rullar den nøye ut, vi fester sørgjefloret og rettar fana opp. Så senkar vi fana – i takk, i respekt og kjærleik for ei kjempe av ein kamerat. Foto: Fellesorganisasjonen Vestland

Av

Vi lovar å halda fram kampen, Kenneth. Usvikeleg solidaritet over minnet ditt.

DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Ei fagforeiningskjempe har rulla saman fana til FO her i Vestland for siste gong. Han har lagt handplakatane til uteljelege demonstrasjonar i haugar - og han har nikka attkjennande til alle parolane etter eit fagforeiningsliv som har dekka meir enn fire tiår.

Kenneth Larsen døydde fredag kveld i heimen sin på Sydneshaugen, 66 år gammal, etter lang tids sjukdom. Familien var samla rundt han heilt til siste slutt. Slik ville Kenneth ha det, slik ville familien ha det. Det er uendeleg mykje kjærleik i familien Sæbø/Larsen. Kenneth og Berit, Berit og Kenneth. «Berit’n» sa han med mjuk røyst. Dei var saman om så mykje, i grunnen alt, trur vi. Og så borna Jon og Ida. Barneborna. Syskena. Storfamilien. Vener. Kameratar.

Kenneth Larsen var eit ekte arbeidarklassebarn, fødd og oppvaksen i «Hødden» i Bergen. Han hadde klassestandpunktet i ryggmargen og hjarta bankande solid til venstre. Det kom til syne i kampen hans for arbeidsfolk, for personar med utviklingshemming, for fattige. Og mykje meir.

Fagrørsla var framfor nokon annan Kenneth sin arena. På Vestlandsheimen var han leiar i Sykehusenes Personalforening før han tok vernepleiarutdanning. Det var ei handlekraftig fagforeining i Kommuneforbundet. Kenneth var strateg allereie den gongen. I 1979 leidde han den truleg største aksjonen for å betra tilhøva for utviklingshemma på sentralinstitusjonar i Noreg. Den fekk oppslag også i nasjonale media. Så tok Kenneth vernepleien og var tillitsvald i studentorganisasjonen for vernepleiarstudentar VELF – sjølvsagt.

Ingen av oss kan hugsa anna enn at Kenneth var tillitsvald. Det trengst langt meir enn eit minneord-format å fortelja om alle tillitsverva hans; i Vernepleiarforbundet og seinare i FO. Vi nemner at han var hovudtillitsvald i Bergen kommune, han var fylkesleiar og han var fylkessekretær, eit heiltidsverv han hadde frå 2003 til 2016. På FO-kongressen (landsmøtet) i 2002 vart han vald til nestleiar i forbundet. Heile FO gledde seg storleg. Diverre måtte han trekkja seg etter få månader – helsa ville ikkje spela på lag. Det var eit stort tap for FO nasjonalt, men her lokalt fekk vi ha glede av Kenneth i mange år. I det han døydde, gjekk FO ut i streik, i arbeidskamp i NHO-området. Det var etter Kenneth sitt hjarta.

 – Ingen av oss kan hugsa anna enn at Kenneth var tillitsvald. Han var var fylkessekretær i FO Hordaland frå 2003-2016. (Bildet er frå 2006.)

– Ingen av oss kan hugsa anna enn at Kenneth var tillitsvald. Han var var fylkessekretær i FO Hordaland frå 2003-2016. (Bildet er frå 2006.) Foto:

Kenneth var vidsynt og internasjonalt engasjert. Samsundes engasjerte han seg like mykje i den «minste» medlemssak. Han var grundig og alltid godt førebudd. Det kom godt med i alle store og små forhandlingar. Kenneth var ein strategisk tariffpolitikar, både lokalt og nasjonalt. Han var sterkt oppteken av at forbundet skulle ha sterke lokalorganisasjonar og ikkje sentraliserast. Det kunne gå ei kule varmt mellom FO Hordaland og «dei i Oslo», men det var aldri vondt blod. Tvert imot, meiner vi.

Kenneth Larsen var eit raust, romsleg og handlekraftig menneske – og uendeleg tolmodig. Vi har arbeidd saman med Kenneth medan FO har meir enn tredobla medlemsmassen og fått ei heilt anna slagkraft, ikkje minst i LO. Kenneth visste korleis vi kunne nytta nyvunnen styrke.

Vi kjenner ikkje nokon som ikkje hadde respekt for Kenneth. Han såg alle, var interessert i kva alle meinte, men var ikkje redd for å tona flagg. Kenneth var uredd og modig, og vi er mange som har vorte modige og modigare avdi vi hadde Kenneth ved sida. Han var heilhjarta medviten om å skuva kvinner opp og fram i kvinneforbundet. Usvikeleg solidarisk var Kenneth. Det kan blåsa hardt, både i streikar og tarifforhandlingar, men vi kan ikkje hugsa å ha sett Kenneth bli vippa av pinnen. Han hadde stor kjærleik til fagforeininga og fagforeiningsarbeidet. Han brydde seg om folk.

Alt dette gjorde han til ein organisasjonsbyggjar av rang.

Kenneth engasjerte seg for Palestina. Her er han avbilda i Palestina-butikken Handala i 2017.

Kenneth engasjerte seg for Palestina. Her er han avbilda i Palestina-butikken Handala i 2017. Foto:

I dei seinare år har Kenneth engasjert seg sterkt i solidaritetsarbeidet for Palestina. Han la seg jamvel i trening (!) for å springa i maraton-tilskipinga i Betlehem. Heime i Bergen var han primus motor i stiftinga og drifta av Palestina-butikken Handala – eit storarbeid! Han engasjerte seg i petanque – med heile storfamilien - og reiste land og strand rundt. Det var bokstaveleg tala ikkje grenser for Kenneth sin engasjement.

No må vi gjera det vanskelegaste, Grethe Kvist, fylkesleiar i FO Vestland og eg, mangeårig tidlegare fylkessekretær i FO Hordaland. Vi har skrive dette minnneordet. Vi snufsar. Vi tørkar tårene. Vi knyter nevane i Kenneth si ånd. Vi tek fram FO-fana, vi rullar den nøye ut, vi fester sørgjefloret og rettar fana opp. Så senkar vi fana – i takk, i respekt og kjærleik for ei kjempe av ein kamerat. Vi lovar å halda fram kampen, Kenneth. Usvikeleg solidaritet over minnet ditt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken