Onsdag vart det klart at den raudgrøne regnbogealliansen, som omfattar partia mellom SV og KrF, heldt fram styringa av Vestland fylkeskommune. Jon Askeland (Sp) skal dermed framleis vera sjef i Vestland.

I Høgre og Frp vert det tatt ille opp. Dei to partia liker dårleg å verta plasserte på gangen i fire nye år, etter eigentleg å ha vore dei store valvinnarane.

Det er i og for seg ikkje så vanskeleg å forstå. Silja Ekeland Bjørkly (H) hadde i grunn fortent meir. Men det burde ikkje vera noko overrasking på nokon. Politikk er ikkje først og fremst rettferdig.

Det er fleirtalet som rår.

Alt låg òg eigentleg til rette for at Høgre kunne komma i maktposisjon. Sentumspartia Sp, KrF og Venstre kunne brukt forhandlingsmakta si, og skifta side frå raudt til blått.

Ein brannfakkel frå Høgre valnatta gjorde utslaget, ifølgje dei to partia. Både Trude Brosvik (KrF) og Åsta Årøen (V) hoppa i stolen då dei opna BA like før midnatt valnatta.

Overskrifta som ropte imot dei, var at byrådsleiarkandidat Christine Meyer (H) likevel opna for å gjera Bybanen til forhandlingsmat i maktkampen etter valet.

– Den usikkerheita som vart skapt om Bybanen då me satte oss ned og hadde samtalar, gav oss ein ekstra drive i å få dette til, sa Brosvik då det raudgrøne samarbeidet vart presentert onsdag.

Venstre og Årøen stemte i:

– For oss var det alvorleg då det vart sådd tvil om fremtida til Bybanen av Høgre på valgnatta.

Dermed glapp den høgst reelle planen om å bruka sentrumsposisjonen til òg å flørta med Høgre.

I bybanedebattane i Bergen er det nemleg eit viktig poeng ein aldri har høyrd snakk om:

Bybanen er ekstremt viktig for fylkeskommunen. For det første, gjev Bybanen og skinneeffekten kollektivandelar ein tidlegare berre har kunna drøyma om.

For det andre, betyr drift og utbygging av arbeidsplassar og ressursar. Tilgang på ingeniørar og samfunnsplanleggarar som tidlegare boksa i ein heilt annan vektklasse med spiss sko i konsulentbrnasjen. Det handlar om å måtta seia farvel til kompetente kollegaar i utbyggingsorganisasjonen.

Det handlar i tillegg om merkevarebygging. Bybanen, som tru det eller ei er eit uhyre populært transportmiddel, er stor imagebygging for ein tradisjonelt ganske traust organisasjon. Kollektivsuksessen har gitt fylkeskommunen ein sjanse til òg å vera moderne og urban.

Høgre har vore ein seriøs, aktiv og konstruktiv medspelar i bybanesatsinga på fylket over lang tid, trass usemje om den konkrete traseen dei siste åra. Ein kan spørja seg om sentrumspartia eigentleg hadde så mykje å frykta.

Igjen: Politikk er ikkje rettferdig.

No til det paradoksale: Også i Bergen er bybanetraseen langs Bryggen heilt sentral i forhandlingane om makta. Det slår likevel ut heilt annleis enn på fylket.

Det er nemleg det same som står i hovudet på KrF og Venstre i bypolitikken: Kva samarbeidspartnerar kan sikra partia at ein unngår ein omkamp om Bybanen.

Det som klussa det til for Høgre på fylket, er redninga for Høgre i byen. Det er det kompliserte politiske landskapet som er grunnen.

Eit av problema til Rune Bakervik (Ap) og venstresida, er at Venste og KrF stolar for mykje på dei i bybanespørsmålet. Dei er heilt sikre på at Ap, SV og MDG ikkje vil snu – sjølv om partia hamnar i opposisjon. Men det finst endå ei utfordring : Den ihuga Bryggen-motstandaren Torstein Dahle (R) suste frå sisteplass på lista og rett inn i bystyret.

Dermed er Venstre og KrF usikre på om det eigentleg finst noko trygt fleirtal for dei med venstresida, sjølv om ein kan telja til det magiske talet 34, om ein tel representantane mellom Raudt og KrF.

Det kan kanskje vera fleirtal for eit byråd. Men dei kjem ikkje fram til noko fleirtal når dei tel bybanestemmer, grunna Dahle og Senterpartiet.

Paradoksalt nok er den raudaste i bystyret eit hinder for eit byråd med raudtonar.

Høgre vil kunna truga med at dei går inn for omkamp. Iallfall om dei hamnar i opposisjon. Om Høgre snur, er det nemleg eit fleirtal for omkamp. Christine Meyer sitt utspel valnatta, gjer at KrF og Venste ikkje stolar nok på Høgre. Det er bra for Meyer i denne samanhengen.

Dermed kan den einaste måten å binda Høgre til bryggentraseen vera å inngå eit forpliktande politisk ekteskap, som gjev Meyer jobben ho stilte til val for å få. I tillegg unngår ho eit klokkereint løftebrot. Det er det som no er i ferd med å skje.

Utfordringa er å handtera at Frp neppe vil gå med på planen til sentrumspartia. Noko ein fekk ein smakebit av torsdag, då partiet gjekk frå sonderingsmøtet med Høgre, Frp, Venstre, KrF og Senterpartiet.

Men ein treng altså ikkje eit tydeleg definert fleirtal for å danna byråd i Bergen.

Dei siste dagars flytting av mandat styrkar sjansen for dette utfallet, fordi Venstre og KrF no ser på dette som den tryggaste måten å sikra bybaneplanen på.

Den same logikken kan føra til at Arbeidarpartiet ikkje vil våga å kasta byrådet til Høgre, KrF og Venstre med det første. Då kan dei òg kasta Høgre i armane til det sinte mindretalet i bystyret; det som vipps kan verta eit fleirtal mot Bryggen-traseen – dersom eit grinete Høgre skulle finna på å snu.

Det er det Trond Tystad og Bergenslisten kan håpa på at skal skje. Dei fekk iallfall rett i at Bybanen framleis definerer kven som skal styra.

Mykje anna som er viktig kjem altså i andre rekke.

Både i fylket og i byen definerer synet på Bybanen kven som skal styra.