Annonsørinnhold fra Coop Prix
Hva er dette?
Fem gode grunnar til å kjøpe norsk frukt og grønt
Friske fargar og gode på smak - norsk frukt og grønt er i ein heilt eigen kategori når det kjem til kvalitet.
Annonsørinnhold fra
Det er lite som slår norske jordbær, plommer eller eple i sesong. Dei norske bøndene produserer grønsaker og frukt i verdsklasse.
Eit breitt utval av kva landet vårt har å by på, finn du i din næraste Coop Prix. Som nabolagsbutikk, satsar dei stort på å tilby det beste av norsk frukt og grønt.

DYKTIGE FOLK: Merete Rørvik er produktspesialist i Coop. Ho skryter av butikken sine norske frukt- og grøntprodusentar over heile landet.
- Coop Prix har utruleg mange dyktige og dedikerte produsentar i heile landet. Dei vil me gjerne syne fram, fortel produktspesialist Merete Rørvik i Coop.
I tillegg til gode smakar, er det andre føremon med å handle norsk. Her får du fem gode grunnar til å velje norsk neste gong du er på butikken.
Nyt norsk heile året
Takka vere teknologisk utvikling i landbruket, er no norsk frukt og grønt tilgjengeleg nesten året rundt.
Inger-Irén Eriksrud driv gard i Lier og leverer agurk, blomkål og vårlauk til Coop Prix-butikkar over heile landet.
- Veksthus gjev oss høve til å dyrke fram norske kvalitetsvarer som agurk, snackagurk, tomat, salat og urter året rundt, seier Eriksrud.
I tillegg dyrkar nokre av produsentane til Nordgrønt snackpaprika, raud chili og moreller i veksthus.
Teknologisk utvikling når det kjem til lagring og pakkeri hjå produsentane, gjer at ein kan tilby norsk kvalitet året rundt.
- I fjor hadde me til og med norske eple i butikk til jul, fortel produktsjef Rørvik.
Meir miljøvenleg
Norsk frukt og grønt betyr kort reiseveg og er såleis miljøvenleg. Følgjer ein òg den norske sesongen, reduserer ein klimaavtrykket endå meir.
- Det er inga løyndom at det er kortare å levere frå ein gard i Lier enn ein i Spania, seier Eriksrud.
Ho fortel at norske produsentar er flinke til å drive berekraftig og miljøvenleg.
- Me jobbar med å redusere bruken av kjemisk plantevern ved å nytte oss av biologiske produkt. Teknologiske installasjonar i veksthusa hjelper oss å kontrollere klima og gje rette mengder vatn og gjødsel.
Agurk som ikkje hamnar i butikk grunna feil storleik og utsjånad går mellom anna til verksemder som lagar jus og kuttar til dømes ferdigsalatar. Nokre agurkar går òg til dyrefôr.
Bra for kroppen
- Frukt og grønt er viktig i det daglege kosthaldet. Dei inneheld mykje vitaminer, mineralar og fiber som er verdifulle næringsstoff, utan å samstundes tilføre mykje energi og feitt som me generelt sett får for mykje av i kosthaldet vårt, forklarar Gerd Byermoen, kommunikasjonssjef i Opplysingskontoret for frukt og grønt.
Ho anbefalar eit variert inntak av frukt og grønt - på den måten sikrar du at kroppen får i seg fleire av dei næringsstoffa den treng.
– Når frukt, bær og grønnsaker er ein del av eit balansert kosthold i samsvar med Kostrådene, er det ein god huskeregel å ete frukt og grønt i alle regnbogens fargar. Då får du i deg alt det gode denne varegruppa har å by på, forteljer Byermoen.

GOD KVALITET: Norsk frukt og grønt er av god kvalitet: – Lange, lyse dagar og kjølege netter gjer at frukt og grønsaker som vert dyrka i Noreg har ein lang vekstsesong. Det gjev produkta god tid til å modne langsamt og lagre masse deileg smak, forklarar Gerd Byermoen i frukt.no.
Smak i verdsklasse
Det er allereie nemnt, men det kan ikkje gjentakast for ofte - norsk frukt og grønt er fantastisk på smak. Det skuldast forholda dei blir dyrka i.
- Lange, lyse dagar og kjølege netter gjer at frukt og grønsaker som vert dyrka i Noreg har ein lang vekstsesong. Det gjev produkta god tid til å modne langsamt og lagre masse deileg smak, forklarar Byermoen.
Du er med å støtte norske bønder
Sjå etter Nyt Norge-merket når du handlar. Då er du med på å støtte norsk landbruk.
- Ved å støtte opp under norske produsentar, er ein med å utvikle teknologien for å kunne dyrke enno meir berekraftig og miljøvenleg. Tida syner kor sårbare me er og kor viktig det er å vere sjølvforsynte på det me kan dyrke i Noreg, meiner Eriksrud.
- I tillegg er det moro å vite at folk over heile landet kan nyte det me dyrkar fram her. Eg er sjølv tredjegenerasjonsprodusent på denne garden, og er ein stolt, norsk gartnar, avsluttar ho.