BAJAZZ - Julelåteri med Mads Berven

Lørdag 9. desember kl.13:00
Oseana Kunst og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os
kart
Fire fantastiske musikarar møtes til førjulsleik for å spela juleklassikarar i jazz-, pop-, ska-, og rockeversjon. Høgtid og moro, kaos og virtuos kappleik i herleg blanding. Frontmann Mads Berven har tidlegare gjesta Bajazz med Jens Brun & De Hattmakers med stor suksess, der James Brown sin musikk er omsett til norsk og tilpassa born. Jørgen Mathiesen kjenner vi frå Krokofant og The Core, Ole Marius Sandberg frå Voksne Herrers Orkester, medan Jarle Vespestad mellom svært mykje anna speler trommer i Farmers Market. Ein familiekonsert med garantert julestemning, allsong og galskap!   Mads Berven (gitar, vokal) Jørgen Mathiesen (saksofonar) Ole Marius Sandberg (bass) Jarle Vespestad (trommer)   Ord.bill: 100,- BT fordel: 80,- Born under 2 år kjem gratis på denne konserten.