Fonos - Julekonsert

Søndag 10. desember kl.17:30
Oseana Kunst og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os
kart
Lat koret Fonos synge jula inn for deg. Under leiing av dirigent Stine Kobbeltvedt, inviterer Fonos til ei stemingsfull stund i Oseanasalen. Koret er sett saman av om lag tretti songarar i alderen 30+ til 50+. Akkompagnert av lokale musikarar syng dei ei blanding av tradisjonelle juelsongar og nyare songar du ikkje visste ville sette deg i juelsteming.  Os-koret Fonos vart starta i 2007, og dei siste åra har dei gjort seg bemerka som eit kor med svært dyktige songarar og mange solistar. Dei har eit variert og spennande repertoar som spenner seg frå kjende poplåtar til vise og gospel. Fonos har helde mange konsertar i Osbygda, og sto seinast på Oseanascena denne våren under Festespillene i Bergen sin konsert Nordvegen. No inviterer dei til julekonsert, og vi kan nærast garantere både julestemning og gåsehud!   Ta adventstunda i Oseana og nyt denne julekonserten!  Ord.bill: 295,-