Evig ung

Onsdag 15. november kl.19:00 til lørdag 9. desember kl.20:00
Hordaland Teater
LOGEN: Øvre Ole Bulls plass 6, BergenÅpne kart
kart
41 skal
Tenk deg følgande: Vi er ein del år fram i tid, scenekunsten er erklært overflødig, teateret er lagt ned og blitt til ein gamleheim.. Der møter vi kasserte og avdanka skodespelarar. Kva ville skje på ein slik gamleheim? Ville Elisabeth Moberg, Claus Sellevoll, Sigurd Sele, Harald Dahlstrøm, Lars Jacobsen og Katrine Dale resignere for overformynderiet? Eller ville dei gjere opprør og kreve sin rett til å ta plass? Dei vert hersa med av pleiaren Oda, men så fort ho går ut av rommet, vaknar dei gamle til liv med sine vitale krumspring. Då minnest dei tida på scenen og ei perlerekke av kjente rock og poplåtar frå dei siste 50 åra blomstrar opp på scena. Titlar som ”Stayin alive” og ”I will survive” vil vise den livsvilja og humøret som står i sentrum for denne musikalske komedien. «Evig Ung» på Logen er basert på ei framsyning som vart produsert på Sogn og Fjordane Teater i vår. Når vi no tek den vidare og plantar den i Bergen er det eit ledd i vårt gode samarbeid med teateret i nabofylket. Vi tør likevel love at ingen skal være i tvil om at denne festen finn stad i Hordaland. Kom og fest i lag med oss! AV Erik Gedeon DRAMATURG Solrun Toft Iversen REGI Hilde Sol Erdal SCENOGRAFI Åse Hegrenes MASKE Helene Andersson MEDVERKANDE Oda Alisøy Katrine Dale Harald Dahlstrøm Lars Jacobsen Elisabeth Moberg Sigurd Sele Claus Sellevoll Columbine teaterforlag