Lykkeliten

Fredag 7. desember kl.19:00
Oseana Kunst og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os
kart
Velkomen til Lykkeliten; ei ærleg, rystande og humoristisk forestilling. Rune Andersen vaks opp med ein valdeleg far. I TV 2-programmet Vårt lille land fortalde han og dei tre søstrene om oppveksten. Som vaksen blei han ein folkekjær og prisbelønna komikar. Etter at Rune si historie blei offentleg kjent, har det blitt viktig for han å ta temaet med inn på scena. Valget med å sette opp forestillinga Lykkeliten har vore Rune si største utfordring som artist, men han brenn for dei som har opplevd og opplever vald og overgrep som barn. No fortel han historia med dei verkemidla han meiner er viktig; ærlegdom, varme og humor. Gjennom forestillinga formidlar han tydeleg det som blei hans erfaring: Det er aldri barnet si skuld. Det fins alltid eit håp. Gjer val. Ord.bill: 470,- For meir informasjon sjå https://www.oseana.no/nb/lykkeliten Regi: Pål Mangor Kvammen