Den gløymde krigen

Torsdag 13. september kl.19:00
Lindås bibliotek
Isdalstø, LindåsÅpne kart
kart
Verdskrigen og okkupasjonstida er noko vi nordmenn aldri vert ferdige med. Etter meir enn 70 år er mykje likevel gløymd. Men ikkje av alle, heldigvis. I dette møtet får du treffe nokre av dei som har arbeidd for at kunnskapen om den militære og sivile motstandsrørsla her i Nordhordland ikkje skal gå tapt for ettertida. Jan B. Thorsheim er tidlegare leiar av Lindås Sogelag. Han vil fortelje om Vestlandske Frihetsråd, som organiserte viktige deler av motstandskampen i siste fase av krigen. I spissen sto kommunisten og illegal bladmann Torolv Solheim frå Radøy, saman med bonden Olav Brakvatne på Hjelmås, tidlegare ordførar i Hosanger Magne Haukøy og ei rekkje andre, mellom dei Manger-presten Otto Holmås. Ein spanande – og langt på veg gløymd del av krigssoga. Otto Dyrkolbotn hugsar krigen frå eigne gutedagar. Han er oppteken av korfor samfunnet gløymer og kva det er vi gløymer. Kvifor er strilane sin motstandskamp så lite kjend – også blant strilane sjølve? Kvifor er vårt kollektive minne så selektivt? Kva er det som er blitt selektert bort i den nasjonale forteljinga om verdskrigen? Og kva gjer det med oss og med samfunnet når viktige deler av historia vert viska bort og liggjande i mørkret? På møtet vert det sett av god tid til innlegg frå salen, med spørsmål og debatt. Gratis inngang. Alle er velkomne! Biletet syner «Kåken» i Tirebotn på Seim, hovudkvarteret til Vestlandske Frihetsråd.