Utstilling: Arne Ingvaldsen - Andre objekt

Søndag 19. august kl.12:00 til søndag 16. september kl.18:00
Oseana Kunst og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os
kart
Arne Ingvaldsen er fødd 1947 i Bergen, og voks opp i Os. Han er utdanna ved Arkitektavdelinga NTH og ved kunstakademia i Warszawa og Bergen. Ingvaldsen arbeider mest med installasjonar, skulptur i situasjon, og teikning. Han har utført fleire offentlege kunstverk – i Oslo, Hamar, Kristiansand og Bergen. Han har hatt utstillingar i Norge og utlandet, m.a. Tegnerforbundet, Kunstnerforbundet, LIAlab Bogota og fleire kunstsentre. Han har delteke på gruppeutstillingar, herunder Høstutstillingen, Tegnebiennalen og utstillingar i Portugal og Slovakia. Ingvaldsen har vore medarbeidar på utandørs kunstprosjekt i Bergen, Ungarn og Tyskland. Han har hatt fleire tillitsverv lokalt, samt studie/arbeidsopphold i New York, Roma, Paris og Budapest. I det siste har Arne Ingvaldsen arbeida mest med kullteikningar. I tillegg er han engasjert i installasjonsprosjekt saman med kunstnaren Eva Kun (Galleri Christinegaard 2016, Visningsrommet USF 2018). «Eg viser eit utvalg av teikningar med kol på papir. Nokre i form av korte seriar, andre som enkeltståande arbeid. I teikningane søker eg å komme nær eit uttrykk av noko som er konkret, tingleg, utan at det blir rein avbildning eller ei form for naturalisme. Teikningane mine kan gi inntrykk av noko tredimensjonalt og handgripeleg, samtidig som dei forblir reint grafiske objekt. I teikning finst dei sentrale elementa lys, rom og masse, men på ein annan måte enn i skulptur. Kjelder til idear kan for eksempel vere ein solopplyst fasade, eit murhjørne, eit bretta, gjennomlyst papirflak. Eller reint abstrakte formidéar. Eg søker å drive inntrykka forbi eit realistisk stadium, til noko som kjennest meir allmenngyldig enn det umiddelbare synsinntrykket.» (Arne Ingvaldsen) Nettside: http://www.arneingvaldsen.no/ Utstillinga og kunstnersamtalen er støtta av Norsk Kulturråd. Fri inngang Utstillinga står til 16. september For meir informasjon: http://griegsamlingen.no/