Fonos - julekonsert

Søndag 9. desember kl.17:30
Oseana Kunst og Kultursenter, Mobergsbakken 20, 5200 Os
kart
Det er vel snart ikkje ei jul utan, og vi gler oss like mykje kvar gong! Fonos inviterer igjen til julekonsert. Vi fyller Oseanasalen med nye og gamle julesongar i variert innpakning. Med lokale musikarar i ryggen skaper dirigent Stine Kobbeltvedt og songarane hennar julestemninga du treng når høgtida berre er eit par veker unna. Ord.bill: 295,- For meir informasjon sjå https://www.oseana.no/nb/fonos