I Ivar Aasens fotefar

Torsdag 13. september kl.18:00
Mariakirken
kart
Byvandring med Jo Gjerstad m.fl. arr: Vestmannalaget Tid og stad: Frammøte i Dreggen ved Mariakyrkja torsdag 13. september kl 18.00 Tidleg i august 1841 gjesta Ivar Aasen for fyrste gong det han i si dagbok frå denne turen omtala som den store byen Bergen. Med seg i ferdaskreppa hadde han plantesamling (herbarium) frå Sunnmøre og utkast til ordsamling og grammatikk over det sunnmørske folkemålet. Aasen møtte både Christie, Holmboe og Lyder Sagen, men det som skulle verta det skilsetjande møtet for Ivar Aasen og livsgjerningi hans, var møtet med biskop Jacob Neumann… 27 år seinare, i januar 1868, var dotterson til biskopen, Kristofer Janson, med på å skipa Vestmannalaget.