We Are Naturals

Lørdag 8. desember kl.16:00-17:30
Voss gamle kino
Skulegata 15, Voss, NorwayÅpne kart
kart

Vi er gode, vi er flinke, vi kan og vi vil. Noen ganger har vi dårlige dager, får det ikkje til og vil berre gje opp. Gjennom dansen finner vi ut av livets opp- og nedturer saman.

Kom og sjå Voss Danseskule sine elevar i Gamlekinoen på Voss. Det vert koreografier i hiphop, musikaljazz, lyrisk jazz, commercial m.m. og dansarane på scena varierer både i alder og danseerfaring: frå 6 år og til vaksen-kurs, dei som starta å danse i haust til dei som har dansa i årevis. Voss Danseskule vart etablert av Constanze Almklov i 2010, og har sidan den gong hatt tilbod om danseundervisning for born og ungdom med hovudfokus på hiphop og jazzdans. Vi gler oss til å vise fram dansegleda som er kjernen i det Voss Danseskule driv med, og ønsker hjarteleg velkommen til danseforestilling om du er forelder, bekjent, tante, onkel, bestemor, bestefar, tidlegare danseelev, komande danseelev, er generelt interessert i dans eller berre vil ha noko kjekt å gjere på ein laurdags ettermiddag i desember.

Kom og sjå kor flinke vi er - We Are Naturals!