Juleønske

Fredag 7. desember kl.10:30
Hordaland Teater
kart
Bli med inn på Hordaland Teater og treff Stella og Aurora gjennom Oda Alisøy og Knut Olaf Elvik si vidunderlege forteljerglede. Etterpå vil vi at du hjelper oss å pynte juletreet vårt med snøkrystallar vi sjølv skal lage av magisk papir. Kven veit kva som kan skje om vi alle pyntar trea våre med gode tankar for nokon som treng det? Trur du dei kan merke det i hjarta sine? Aurora og Stella er bestevener. Saman plar dei danse med snøkrystallane som dalar ned på isen på deira hemmelege stad i skogen. Til jul har dei begge ønska seg kvite skøyter. Dei drøymer om kor vakkert det skal bli når isen ligg blank på vatnet, stjernene lyser over dei og dei skal virvle rundt kvarandre i nydelege piruetter. Bestevener for evig. Men så skjer det noko som riv draumen til Aurora og Stella ned. Dei to jentene vert nøydde til å spørje seg sjølv: Kan ein danse i hjarta til nokon om ikkje er der? Kva kan ein gje når det største ønsket ikkje kan oppfyllast? Kan ein vere bestevener sjølv om ein ikkje er i lag og kan ein ha ei god jul, utan alle ein er glad i? Frå 3 år