Storm Weather Shanty Choir // Kvarteret

Torsdag 21. februar kl.21:00-00:00
Bergen
Olav Kyrres gate 49, Bergen, NorgeÅpne kart
kart
Storm Weather Shanty Choir er eit seksmanns rocka sjantikor frå Stord. Sjantiar er arbeidssongar som vart nytta til sjøs, og i Storm Weather Shanty Choir si tapping kjem dei i rock´n roll-drakt der publikum hiv seg med og syng av full hals – altså noko så merkjeleg som rocka allsong! På same måte tek dei publikum heilt ned når dei framfører vakre og melankolske sjømannsviser om sakn og svunnen kjærleik til sjøs. 
Sidan år 2000, under den stramme regien til kaptein Haakon Vatle som har mastergrad i sjantitradisjonen, har SWSC vist for publikum og presse verda over at dei er eit liveband av den aller beste sorten. Dei har spelt fleire hundre konsertar i inn- og utland, turnert i m.a. Japan (der dei headlina ein festival med 7000 publikummarar), USA og Tyskland og har spelt på eit utal av både rocke- og folkemusikkfestivalar som finnast her i landet og fyller klubbar til randen på sin veg. 
SWSC har gjeve ut seks plater sidan oppstarten, har nyleg gitt ut ei live plate (januar 2017) og har også medverka på ei mengd andre utgjevingar. Bandet blir årleg streama over ein million gonger på spotify, noko som er oppsiktsvekkjande for eit sjantikor.  
Konsertane på Det Akademiske Kvarter har blitt eit årleg høgdepunkt for SWSC og me gler oss stort!  
Youtube (NRK Sommeråpent) "Drunken Sailor": https://www.youtube.com/watch?v=li3Wc__fGx4 Youtube frå Japan: https://www.youtube.com/watch?v=UVp1E03EjXU  FB: https://www.facebook.com/shantychoir/?fref=ts

Haakon Vatle – forsongar/sjantimann og gitar Ronny Sætre - baryton og perkusjon Rune Nesse - bass og perkusjon Vidar Vedå - bass og «karaokemaskin» Roald Kaldestad - lyrisk tenor, mandolin, gitar Gisle Østrem - lyrisk tenor, concertina, trekkspel