Jegertimen 17/3 kl 18.30

Søndag 17. mars kl.18:30-20:30
Mjeldalen Ungdomshus
Mjeldalen Ungdomslag, Haus, NorgeÅpne kart
kart

Mjeldalen ungdomslag si ungdomsteatergruppa framfører JEGERTIMEN av Hanne Hagerup 

Det aller beste og det aller verste som kan skje med Lukas skjer på Halloweenfesten til Lena. Lukas huskar ingenting, men det forandrar seg når Charity Case tar han med ut av limbo og tilbake til festen for å finne ut kva som skjedde. Jegertimen er eit surrealistisk teaterstykke om identitet, seksualitet og sjølvmord.
Anbefalt aldersgrensa 10 år 

Om forfattaren:
Hanne Hagerup (f. 1984) er dramatikar og tekstforfattar frå Fredrikstad. Ho har skrive familiemusikalane «Den Hvite Dame» for Fredriksten Festning i Halden og har saman med Klaus Hagerup skrive «Arnardo -en familiemusikal» til Olavsdagane i Sarpsborg. Saman med søstera Hilde og faren Klaus skreiv ho manus til NRKs julekalender «Snøfall» som vart vist jula 2016 og som vant Gullruten for beste barne- og ungdomsprogram. Ho har også skrive manus til sceneversjonen av Snøfall saman med Hilde for Oslo Nye Teater. Ho er for tida i ferd med å utvikle eit tv-serie-manus gjennom Norsk Filminstitutts barnefilmsatsing, NFI:LAB Junior, og ho er ein del av barnedramatikksatsninga til Dramatikkens Hus.