Building Instrument

Søndag 17. mars kl.18:00-19:30
Konsertsalen i Kabuso
Hardangerfjordvegen 626, Øystese, NorgeÅpne kart
kart
"Det er som om en kan høre at dette er musikk som har brukt lang tid på å utvikle seg. Her har det antagelig vært mye prøving og feiling, kanskje det er derfor resultatet er blitt så riktig." – Bergens Tidende 5/6 (NO)


Trioen Building Instrument bevegar seg i eit slags fantasifullt ingenmannsland mellom elektronika, organisk pop og noko meir mystisk og eventyrleg, og hadde allereie bygga seg ein solid fanskare før dei platedebuterte til overstrømmande kritikkar i 2014. 

På deira andre album «Kem Som Kan å Leve» er utrykket meir drømmeaktig, djupare, lydbildet er større og meir innhaldsrikt, og det er framleis snakk om sterkt vanedannande og underleg fengjande musikk. Høyr "Alt e bra" (live i parken her!

Trioen består av: 
- Mari Kvien Brunvoll (vokal, sampler, zither, perkusjon, kazoo)
- Øyvind Hegg-Lunde (trommer og perkusjon)
- Åsmund Weltzien (synth, elektronikk).

Trommeslager Øyvind Hegg-Lunde spelar blant anna i bandene Erlend Apneseth Trio, Electric Eye og Strings & Timpani, og har turnert med José Gonzalez og hans band Junip. 

Mari Kvien Brunvoll fra Molde har blitt beskrive som «eit eksepsjonelt talent» og gav ut sitt første soloalbum i 2012, med Spellemannsnominasjon same året. Låta «Everywhere You Go» frå soloalbumet skaffa ho eit nytt og stort publikum etter at den allestedsnærværande musikaren og DJ´en Ricardo Villalobos oppdaga låta og gjorde ein inspirert remiks på over 28 minutt. 

Tangentmann Åsmund Weltzien bidrar med sin utvida lyd-palett i stor grad til endringa i lydbilde på det nye albumet. Det nye albumet «Kem Som Kan å Leve» (Hubro), blei laga i løpet av ein toårs-periode. Og deler av materialet blei skrevet til ein konsert inspirert av Kurt Schwitters kunst som blei bestilt av- og framført på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden under Ultimafestivalen. 

Simone Hooymans som held til i Messen i Ålvik har laga musikkvideo til songen deira: Rett Ned. Sjå den her!

Les meir om konsertar og arrangement i Kabuso på www.kabuso.no