Byuniversitetet i Bergen – freda og i full vigør

Tirsdag 12. februar kl.19:00
Bergen Byarkiv
kart
På tirsdagskvelden 12. februar vil Åse Tveitnes og Eva Røyrane frå Universitetet si eigedomsavdeling halde foredrag om historie, vern og bruk av landets einaste byuniversitet. Dei tek utgangspunkt i den nye boka om universitetet sine mange freda bygg, «Byuniversitetet i Bergen – Freda og i full vigør», med Åse Tveitnes som redaktør og Eva Røyrane som forfattar. På tirsdagskvelden fortel dei om korleis universitetet vaks fram på Nygårdshøyden, viser fram unik arkitektur og presenterer korleis bygningsarven blir forvalta og tilpassa studentar og tilsette av i dag. Foredraget startar kl. 19 og finn stad på byarkivets lesesal i Kalfarveien 82. Inngang er gratis og det blir enkel servering