Ungane på Strilalandet

Lørdag 16. mars kl.12:00-13:00
Radøy bibliotek
Manger, RadøyÅpne kart
kart
Eit familieprogram for både store og små. I 2020 vert Meland, Radøy og Lindås ein kommune. Sissel-Anny Hjelmtveit (75 år) frå Seim og Oddfrid Hole (70 år) frå Manger har sett litt på det som batt oss saman før i tida, og som gjev oss eit godt grunnlag til å gå samla inn i framtida. Med forteljing, leik og song vil dei formidla korleis livet i bygdene våre var før i tida, då dei vaks opp. Programmet høver for store og små og tek om lag 45 minutt. Alle er velkomne! Gratis inngang. Eit arrangement i Kultur- og aktivitetsprogrammet for Alver kommune.