Kor-/ orkesterkonsert - Nain

Lørdag 16. mars kl.17:00-18:30
Nain
Gymnasvegen, Voss, NorgeÅpne kart
kart

KONSERT med ORKESTERET FOSSEGRIMEN, SOLISTAR, SANKTA SUNNIVA KAMMERKOR og

ALVERSUND KAMMERKOR

Medverkande

  • Solister

Beate Løvås Solem (sopran)    

Carmen Bóveda Hermosilla (cello)              

Tore Kloster (tenor)                  


  • Dirigentar: 

Eivind Berg og Dagfinn Rohde


Hordaland Musikkråd, som er regionledd for dei landsdekkjande organisasjonane Norsk musikkråd og Musikkens studieforbund og som legg til rette for utvikling og studiearbeid i ulike musikklag, skal ha sitt årsmøte på Voss laurdag 16. mars. I den samanheng vil Orkesteret Fossegrimen saman med fleire solistar, Alversund Kammerkor og Sankta Sunniva Kammerkor halda konsert i Nain.


På programmet står to satsar frå Antonín Dvorak sin Symfoni nr. 8 i G-dur. Carmen Bóveda Hermosilla er distriktsmusikar på Voss, og ho er solist i den vakre ”Kol Nidrei” for cello og orkester av Max Bruch. Alversund Kammerkor og Sankta Sunniva Kammerkor vil ha sin eigen a-cappella del, der dei framfører to salmar av Edvard Grieg: ”Hvad est du dog skjøn” og ”I himmelen”. Solist er Tore Kloster (tenor), og kora vert dirigert av Eivind Berg, nytilsett kantor i Johanneskirken i Bergen. Felix Mendelssohn komponerte musikk til 9 bibelske salmar, og vi framfører tre satsar frå Salme 42 med Beate Løvås Solem (sopran) som solist og med Alver Kammerkor, Sankta Sunniva Kammerkor og Orkesteret Fossegrimen. Dirigent for Fossegrimen er som vanleg Dagfinn Rohde.

Sankta Sunniva KammerkorAlversund KammerkorOrkesteret Fossegrimen (Foto: Kjell Herheim)