Kor-/orkesterkonsert - Knarvik kyrkje

Søndag 17. mars kl.17:00-18:30
Knarvik Kyrkje
Knarvik Kirke, Kvernhushaugane, Isdalstø, NorgeÅpne kart
kart

KONSERT med ORKESTERET FOSSEGRIMEN, SOLISTAR, SANKTA SUNNIVA KAMMERKOR og

ALVERSUND KAMMERKOR

Medverkande

  • Solister

Beate Løvås Solem (sopran)    

Carmen Bóveda Hermosilla (cello)              

Tore Kloster (tenor)                  


  • Dirigentar: 

Eivind Berg og Dagfinn Rohde


Orkesteret Fossegrimen er eit regionalt symfoniorkester for dei indre kommunane i Hordaland. Det held til på Voss og kunne i fjor feira 100 års jubileum. Orkesteret rekrutterer interesserte musikarar - amatørar og yrkesutdanna, unge og eldre - frå heile regionen, og det held regelmessige konsertar rundt om i kommunane. Fiolinisten Dagfinn Rohde har vore fast dirigent og kunstnarleg leiar sidan 1991. I februar i fjor hadde Fossegrimen for første gong konsert i Knarvik kyrkje, og vi ser fram til igjen å spela i denne vakre kyrkja.


På programmet denne gongen står to satsar frå Antonín Dvorak sin Symfoni nr. 8 i G-dur. Carmen Bóveda Hermosilla er distriktsmusikar på Voss, og ho er solist i den vakre ”Kol Nidrei” for cello og orkester av Max Bruch. Alversund Kammerkor og Sankta Sunniva Kammerkor vil ha sin eigen a-cappella del, der dei framfører to salmar av Edvard Grieg: ”Hvad est du dog skjøn” og ”I himmelen”. Solist er Tore Kloster (tenor), og kora vert dirigert av Eivind Berg, nytilsett kantor i Johanneskirken i Bergen. Felix Mendelssohn komponerte musikk til 9 bibelske salmar, og vi framfører tre satsar frå Salme 42 med Beate Løvås Solem (sopran) som solist og med Alver Kammerkor, Sankta Sunniva Kammerkor og Orkesteret Fossegrimen. Dirigent for Fossegrimen er som vanleg Dagfinn Rohde.


Sankta Sunniva KammerkorAlversund KammerkorOrkesteret Fossegrimen (Foto: Kjell Herheim)